Framgang 1, 2018 | Page 22

Skiglede Løyper til alle i Sunndal og Surnadal Av Anne Lise With Wullum Da vi var små var det stappfulle parkeringsplassar på nokre utvalde familievennlege plassar i påskeferien. Det var så som så med utstyret, men vi fekk laga ein hopp, tent eit bål, grilla litt pølser og drukke kakao i ein lyngrabb, ikkje alt for langt unna parkeringsplassen. Flotte skiløyper på Strengen Flott utsikt over dalen frå Sæterlia, Surnadal Alpinsenter Løålikjølen, Nordmarka FULL LØYPESØRVIS dugnadsinnsats og vi har ambisjonar om vidareutvikling til heilårsdrift og ny varmestove. Der ein tidlegare måtte vere lokalkjend for å finne fram i løypetilbodet, ligg no all infor- masjon tilgjengeleg på oppdaterte nettsider som morotur.no, loyper.net og stikkut.no. Det er berre å legge inn søk på Sunndal eller Surnadal og vi finn kart, turinformasjon, kvar ein skal parkere, når løypene er sist preparerte og kven av oss dei ulike turane passar for. Mange blir overraska over å finne eit så flott alpinanlegg i Surnadal, men ingen vart overraska da Dag Skei tok imot Surnadal Sparebank sin utviklingspris på vegne av Surnadal Alpinsenter under Næringslivsdagen i februar. SURNADAL ALPINSENTER FEKK ÅRETS UTVIKLINGSPRIS Sidan heisen opna i 1985 har det kommunalt eigde alpinsenteret gjort store investeringar. I dag er det rekna som eit av dei flottaste nær- miljøanlegga i Norge. – Vi er det einaste alpinanlegget på Nordmøre med snøkanonar, fortel dagleg leiar Dag Skei. I fjor betydde dette at vi fekk ein sesong som varte frå tidleg desember til langt ut i april. – Vi er og stolte av å ha fått til ein populær skipark. Skiparken har 300 meter med hopp og rails. Her er det fullt trøkk! Frivillige og alpin- gruppa i Surnadal IL legg ned ein stor 22 Kommunane, lokale idrettslag og frivillige legg ned ein stor innsats for skigleda i Sunndal og Surnadal. Skigleda var vel like stor før, men vi har fått eit større tal preparerte skiløyper i alle grender og flotte alpinanlegg på båe sider av fjorden. Frå toppen av skiheisen er det populært å gå flotte turar på oppkøyrte langrennsløyper til Sjøasetervatnet, Syltnebba og Strengen. 300 meter med hopp og rails i Sæterlia Snow park TURGLEDE UNDER STRENGEN Ein Stikk UT-tur på ski til Klåberget i Surnadal er på cirka ei mil og har vorte eit turmål for mange familiar. – Vi ser at det har vakse fram ein turkultur, ikkje berre treningskultur, seier Ann Elin Stenberg, leiar i Søya IL. – Vi er glade for at så utruleg mange legg ut på turar frå Vang, både barnefamiliar og randoneekøyrarar. Herifrå går verdas finaste kveldstur til Strengen, meiner Jo Kvande Hansen, aktiv i Søya IL og tilsett ved Intersport i Surnadal. Han fortel elles at butikken fekk telefon frå kjedekontoret da omsetninga auka med 200 % etter jul. De