Foto: Søya IL
Foto: Sunndal Alpinsenter
Foto: Sunndal Alpinsenter
TUROPPLEVINGAR I NÆROMRÅDET
Varmestova i Børsetlia, Sunndal Alpinsenter
STIKK UT! SKI
Turmål i Surnadal:
• Garthøglia, Nordmarka, 3,5 km
• Klåberget, Kvanne/Stangvik, 3,4 km
• Løålikjølen, Nordmarka, 5,2 km
• Magretlia, Nordmarka, 2,9 km rundtur
• Tjønnmyran, Todalen, 1,6 km rundtur
Foto: Sunndal Alpinsenter
VINTERPARADISET GRØDALEN
Grødalen er eit vinterparadis for mange
sunndalingar, med oppkøyrte løyper og fjell
som fristar på rekke og rad. Kommunen
sine to Stikk UT! Ski-turar finn du der, og
gapahuken ved Stortæla er eit populært
turmål for heile familien.
Dei siste åra har det og vore køyrt opp
løyper i Jordalsgrenda, ved Trolltind hytte-
område. Her kjem du høgt og tett på
toppane utan å måtte gå opp den bratte lia.
ALPINSENTER OG
FLOTT SKILEIKOMRÅDE
– Skiheisen i Børsetlia på Ålvundeid opna i
1969, og anlegget har sidan vorte drive på
Foto: Sunndal Alpinsenter
• Øygardshalsen, Kvanne/Stangvik, 1,7 km
Turmål i Sunndal/Grødalen:
dugnad, fortel Henrik Børset ved Sunndal
Alpinsenter. Vi har to hovudnedfartar
og fleire mindre. Varmestua byr ofte på
nysteikte bakarvarer, i tillegg til mat og
kioskvarer.
Børsetlia er blant skigåarar i området eit
ypparleg utgangspunkt for fjellturar.
Kvar helg blir det køyrt spor til Stortuva,
Kjerringvatnet og Tempelet. Ein kan og gå
vidare over til Todalen og inn i Trollheimen.
I skibygda Ålvundeid finn vi lysløype og eit
populært skileikområde med kuleløyper,
akebakkar, langrennsløyper og to hopp-
bakkar. – Området er godt eigna for barne-
familiar og godt besøkt, seier Børset.
• Gapahuken ved Stortæla, 6 km rundtur
• Tøftvangen, 1,5 km
Lysløyper og oppkøyrte løyper
Surnadal: Det er lysløyper i Øvre Surnadal,
Nordmarka Skisenter og Todalen.
Oppkøyrte løyper i Vindøldalen, frå Skeisnebba
og i Settemsdalen.
Sunndal: Lysløyper på Ålvundeid, Grøa, Gjøra
og i Øksendal.
Alpinsenter
Surnadal Alpinsenter: 4500 meter anlegg, kor
3000 meter er med lys.
Sunndal Alpinsenter: 800 meter med lysanlegg.
23