Skiglede
Løyper til alle i Sunndal og Surnadal
Av Anne Lise With Wullum
Da vi var små var det stappfulle parkeringsplassar på nokre utvalde
familievennlege plassar i påskeferien. Det var så som så med utstyret,
men vi fekk laga ein hopp, tent eit bål, grilla litt pølser og drukke
kakao i ein lyngrabb, ikkje alt for langt unna parkeringsplassen.
Flotte skiløyper på Strengen
Flott utsikt over dalen frå Sæterlia, Surnadal Alpinsenter
Løålikjølen, Nordmarka
FULL LØYPESØRVIS
dugnadsinnsats og vi har ambisjonar om
vidareutvikling til heilårsdrift og ny varmestove.
Der ein tidlegare måtte vere lokalkjend for å
finne fram i løypetilbodet, ligg no all infor-
masjon tilgjengeleg på oppdaterte nettsider
som morotur.no, loyper.net og stikkut.no.
Det er berre å legge inn søk på Sunndal eller
Surnadal og vi finn kart, turinformasjon, kvar
ein skal parkere, når løypene er sist preparerte
og kven av oss dei ulike turane passar for. Mange blir overraska over å finne eit så flott
alpinanlegg i Surnadal, men ingen vart overraska
da Dag Skei tok imot Surnadal Sparebank sin
utviklingspris på vegne av Surnadal Alpinsenter
under Næringslivsdagen i februar.
SURNADAL ALPINSENTER
FEKK ÅRETS UTVIKLINGSPRIS
Sidan heisen opna i 1985 har det kommunalt
eigde alpinsenteret gjort store investeringar.
I dag er det rekna som eit av dei flottaste nær-
miljøanlegga i Norge.
– Vi er det einaste alpinanlegget på Nordmøre
med snøkanonar, fortel dagleg leiar Dag Skei.
I fjor betydde dette at vi fekk ein sesong som
varte frå tidleg desember til langt ut i april.
– Vi er og stolte av å ha fått til ein populær
skipark. Skiparken har 300 meter med hopp og
rails. Her er det fullt trøkk! Frivillige og alpin-
gruppa i Surnadal IL legg ned ein stor
22
Kommunane, lokale idrettslag og frivillige legg
ned ein stor innsats for skigleda i Sunndal og
Surnadal. Skigleda var vel like stor før, men vi
har fått eit større tal preparerte skiløyper i alle
grender og flotte alpinanlegg på båe sider av
fjorden.
Frå toppen av skiheisen er det populært å gå
flotte turar på oppkøyrte langrennsløyper til
Sjøasetervatnet, Syltnebba og Strengen.
300 meter med hopp og rails i Sæterlia Snow park
TURGLEDE UNDER STRENGEN
Ein Stikk UT-tur på ski til Klåberget i Surnadal
er på cirka ei mil og har vorte eit turmål for
mange familiar. – Vi ser at det har vakse fram
ein turkultur, ikkje berre treningskultur, seier
Ann Elin Stenberg, leiar i Søya IL.
– Vi er glade for at så utruleg mange legg
ut på turar frå Vang, både barnefamiliar og
randoneekøyrarar. Herifrå går verdas finaste
kveldstur til Strengen, meiner Jo Kvande
Hansen, aktiv i Søya IL og tilsett ved Intersport
i Surnadal. Han fortel elles at butikken fekk
telefon frå kjedekontoret da omsetninga auka
med 200 % etter jul. De