Framgang 1, 2018 | Page 19

HYTTEGRÜNDERAR

Dronninga

VED FOTEN AV

Av Anne Lise With Wullum
Foto : Anne Lise W . Wullum
Emil Bråten og Morten Strøm såg behovet for eit betre tilbod for fjellfolket og tok saka i eigne hender .
No slepp fjellfolket ved Dronningkrona å overnatte i bilen . Lokale gründerar sørgjer for tak over hovudet og sårt tiltrengte sanitære tilbod . No blir ein heilt ny fjellcamp i Virumdalen skapt .
I Virumdalen , på vegen inn til Innerdalen , har det i lang tid auka på med turfolk ved Dronningkrona , Grøvelnebba og Kongen .
Det kan vere opptil 100 mann på Dronningkrona ei helg i mai . Parkeringsplassen ved Dalsbø har vore overfylt med neddogga bilar og telt med sovande fjellfolk utan tilgang på sanitæranlegg .
EIT ORGANISERT TILBOD
– Vi hadde fundert på dette på kvar vår kant i mange år , og under ein balkongkveld openberra det seg at vi tenkte på akkurat det same .
Emil Bråten og Morten Strøm har lang fartstid innan klatremiljøet og solid kunnskap om både Sunndalsfjella og folket som går opp på toppane , både lokale og langvegsfarande .
Emil og Morten såg at det var noko som mangla i hyttetilbodet i Sunndal og ville gjere noko med det . Grunneigar Tom Rødsand Bestvold tende augeblikkeleg på ideen om eit organisert overnattingstilbod med infrastruktur for fjellfolket .
– Ballen rullar fort når kommunen , banken , Aura Næringshage og grunneigar alle er så positive , fortel gründerane , og rettar ein stor takk til alle for godt samarbeid .
SNART KAN FJELLFOLKET FLYTTE INN
Når Framgang kjem på besøk er Emil og Morten , som båe er snikkarar , i full gang med å ferdigstille hyttene innvendig . Parkeringsplassen ved Dalsbø har vorte utvida og mellom snødekte furuer står det no tre små laftehytter i eit tun med felles utedo . Det ryk frå vedomnen i den eine hytta .
– Laft er dyrare , men har ein heilt annan kvalitet . Vi ville bruke lokal byggeskikk og leverandøren vår Lervike skal ha all honnør for ein god og lærerik prosess . Til og med mulldoen har stavlineramme , smiler Emil og Morten .
Kvar hytte har fire sengeplassar med vedomn , tørkerigg , kjøleskap og komfyr .
– Dette er ein start og det vil framleis vere mogleg å telte her . Firmaet vårt Skarfjell Utvikling AS har tre mål til disposisjon og planer for fleire hytter på sikt . Vi er opptekne av å tilby fjellfolk eit overkommeleg prisnivå og at det skal lønne seg å dele hytter .
MOGLEGHEITER
Med tida blir denne fjellcampen kanskje arena for arrangement , kor ein kan kombinere toppturhelg med sosialt og fagleg fellestreff på kvelden . Skarfjell Utvikling ser fjellcampen i Virumdalen som eit supplement til tilbodet i Innerdalen , særleg i vinterhalvåret .
– Dalen har ein spesiell aura som tiltrekkjer folk året rundt og no er vi glade for at vi kan ta imot bestillingar , avsluttar to trivelege karar i arbeidsklede .
19