Framgang 1, 2018 | Page 16

FRÅ KRÅKESLOTT TIL funkishus MED SJEL Av Anne Lise With Wullum. Foto: Lediard Foto AS – Det blir sagt at ein skal bygge tre hus før ein er fornøgd, seier Marit Jorid og Palmer Brennskag. I Svartvassområdet i sentrum av Surnadal har det den siste tida vorte bygd mange nye hus, mellom anna fleire funkishus. Med vidt utsyn over elva, alpinanlegg, åker og eng, har paret skapt sin tredje heim. Det er vanskeleg å sjå at det eitt år gamle huset er bygd med utgangs- punkt i eit kataloghus frå Vestlandshus. Vel innanfor dørstokken ser vi fort at fagfolk må ha strekt seg litt utom komfortsona. – Vi har fått det slik vi ville. Dette huset rommar livet vårt, både det livet vi har levd og det vi skal leva. KJÆRLEIKENS HUSREISER – Vi har alltid vore glade i hus. Då vi bygde vår første heim i Grimsmomarka i 1980, var lidenskapen vår for hus allereie tend. Vi reiste rundt og såg på hus og abonnerte på magasinet Bonytt. Huset frå den gongen fekk furupanel på vegger og tak, teppegolv og store vindusflater. Det var i dette huset ungane vaks opp. Seinare kjøpte Marit Jorid og Palmer den gigantiske trevillaen Rønnan ved Stangvikfjorden og budde der i 14 år. – Det må ha vore litt av ei utfordring å bu i det store gamle huset som «Gullkongen» Fredrik Bruseth bygde i si tid? Er valet av funkishus ein slags etterreaksjon? Det nye huset ser både røft og elegant ut. Men inne er det den heimekoselege og varme atmosfæren som slår ein. – Folk har spurt oss om kva for stil vi har gått for, men vi har ikkje nokon bestemt stil. Vi har berre kjøpt eitt møbel til det nye huset, og det er ein skjenk til spisestova. Spisestovemøblane er frå den første heimen vi bygde og har berre vorte pussa og fått nytt understell frå Sollid Mek for å passe betre inn, fortel Marit Jorid. Sollid Mek har også laga det flotte rekkverket på utsida av huset. Huset er blotta for kvite flater. Det flotte stuetaket er dekt med lekter i eik. – På ein del veggar og tak har vi vald å bruke finérplater av bjørk, fortel Palmer. Desse er påført fleire lag med panellakk. – Snikkarane var ikkje så glade for denne løysinga, da den krev presisjonsarbeid litt utanom det vanlege, for å få det fint. Men resultatet vart kjempebra, seier han fornøgd. Marit Jorid går berføtt under besøket vårt. – Betonggolvet i gangen er så godt å gå på, og ikkje så hardt som ein skulle tru. – Eigentleg ikkje. Åra i Rønnan var fine og vi følte ikkje, som mange kanskje trudde, at huset var enormt stort og lite heimekoseleg. Det vart ein personleg heim. Huset vart hobbyen vår. Det kravde mykje arbeid, tålmod og interesse for gamle hus, men vi hadde stor glede av huset. Heile huset har ein uhøgtideleg miks av antikvitetar, moderne design og bruk av fargar og tre. Det er tydeleg at paret har sansen for estetikk. Den gedigne grå peisen med overflate i mikrosement bind opphaldsromma i huset fint saman. Paret visste at ein dag ville dei ikkje greie å halde Rønnan ved like. Dei ville flytte før dei vart for gamle, medan dei framleis hadde overskot og lyst til å skape noko nytt som vart deira. På fleire av veggane heng vakre kunstverk i tekstil som Marit Jorid har laga. Vi ser kven som bur her. – Den opphavlege planen var å bygge eit nytt hus i Stangvik, men dette ga vi opp da arbeidet med ny arealplan i kommunen tok så lang tid. – Så det var tilfeldig at de hamna her? – Ja, og vi skal innrømme at vi saknar å springe rett ut i fjorden! Men no er vi godt fornøgde med å bu i sentrum. Det er lettvint, særleg med tanke på alderdomen, smiler paret og viser veg inn i den nye heimen. 16 MATERIALVAL – Vi likar å bruke tekstilar, både på golv og veggar. Vi har brukt ein ny type gips som tåler oppheng på opptil 40 kilo og bruk av vanlege skruvar. I tillegg er den nye gipsen meir robust og tåler ein trøkk utan at det blir stygge hakk. Den er litt dyrare, men på sikt er dette ei god investering og ein står friare til å innreie som ein ønskjer. Vi ville ha eit praktisk, men ikkje minimalistisk hus. Vi trur og at akustikken innvendig blir meir behageleg ved bruk av tre og tekstilar.