Amfi Kreativ Vintermagasin for Surnadal | Page 27

Foto: Kufjellet Løålikjølen Garthøglia Syltnebba Foto: Strengen: Kari Ulfsnes, Garthøglia og Kufjellet: Olav Rønning. Løålikjølen: Anita Nedal Øyane. Syltnebba: Hege Sæterbø Andersen. SYLTNEBBA – Fin kveldstur med hovudlykt Her er det bratt opp, men på toppen får du løn for strevet med fin utsikt over bygda. Med ei god hovudlykt kan du fint ta denne turen ein kveld etter arbeid, kjekt no når det er så få timar med dagslys. Det er noko heilt spesielt med å stå på toppen i mørkeret og sjå ned på bygda som lyser opp. Her kan du godt gå på fjellski, men det er og mange som tek denne turen på randonee-ski. Turen startar frå alpin- bakken, der du går opp attmed slalåmbakken. STRENGEN – Flott tur frå fleire kantar FRÅ VANG PÅ KVENNA Herifrå har dei oppkøyrde løyper om Stren- gentraseen, med fleire alternative ruter. Surnadal og går Langura på langs. Her er det ikkje noko kliving, berre slakt og fint terreng, og med nokre fine nedkøyringar på slutten, før du endar opp på Bergem på nordsida. SULA OG KUFJELLET SNOTA – Rett opp og renn ned til bilen att I desse rando-tider har lett tilgjengelege toppar vorte populære turmål. Skal du til Sula køyrer du heilt opp til demninga på Nordvik og går rett opp derifrå. Ned att renn du heilt fram til parkeringa. Det same kan ein vel seie om Kufjellet og, som ligg i Vindøldalen. Begge turane passar godt for dei som er på utkikk etter eit fint turmål med toppturski under føtene. FRÅ ALPINBAKKEN Dette er verkeleg ein fin skitur. Startar du frå alpinbakken så kan du velje mellom å ta heisen opp eller å gå opp. Det kan vere litt tungt opp, men når du først kjem «oppfrå» er det fint terreng innover, om Sjøsetervatnet, mot Strengen. Det er ein litt meir krevjande tur, enn til dømes turen til Løålikjølen, og det er ein fordel å vera vant til å gå på tur. Denne turen er oppkøyrt berre sporadisk, men det er ein populær tur, så det skal godt gjerast om du ikkje finn skispor å gå etter. LANGURA PÅ LANGS - Klassikaren Dette har vorte ein klassikar, både sommar og vinter, og det er ikkje utan grunn. Etter ein lang innmarsj og bra med stigning mot toppen, får du ei fantastisk utsikt over Troll- heimen og dei mest kjende toppane rundt. Turen til dronninga av Trollheimen er for mange fast tur om våren, og det er kanskje nettopp da i slutten av april, starten av mai at det er dei finaste skiforholda her. Dette er ikkje turen for deg som ikkje er vant med å gå lange turar, men kan vere eit turmål å trene seg opp til for fleire. – Ypperleg påsketur frå A til B Ein fin tur for deg som likar betre å gå frå A til B. Når snøen søkk litt meir saman litt utpå vinteren, kan du gå kvar som helst, også utanom løypene. Da er denne turen fin. Her lyt du tenkje litt meir logistikk, da du endar opp langt unna der du parkerte bilen, men turen er kjempefin og absolutt verdt det, meiner Olav. Du køyrer oppi Dalsegglia i Øvre God tur! 27