Amfi Kreativ Vintermagasin for Surnadal | Page 26

tt a f a i k s a T i vinter! Turtips Strengen Det er vinter i Surnadal og snøen ligg som eit tjukt fløyelsmjukt teppe nedover frå fjella og heilt ned til fjorden, det er strålande sol og du har dagen fri – så KVAR SKAL TUREN GÅ? Vi var så heldige å få Olav Rønnings beste turtips for deg med ski på beina. Han arbeider som einingsleiar i Surnadal kommune, og er ein ivrig friluftsmann – sommar som vinter. Han er ikkje innfødd surndaling, men etter mange år i bygda har han vore på mange fine turar og kan gjerne anbefale fleire av dei til oss. Surnadal har flotte turmoglegheiter, og det er vanskeleg å berre skulle velje nokre få tykkjer han, men nemner fort Løålikjølen. Olav er ein av fire frivillige som køyrer opp skiløy- pene på Nordmarka, så han meinte han kanskje var inhabil, men turen er for fin til å ikkje skulle nemnast her. Olav vil og anbefale folk til å ta kveldsturar med hovudlykt. – No til dags er det svært gode hovudlykter å få kjøpt, og ein har derfor betre mogleg- heiter til å ta kveldsturar no enn før, dette gjeld spesielt på ski. Han har samla eit lite knippe med tips til varierte turar, til ulike ferdigheitsnivå og slik at både du som likar oppkøyrde langrennsløyper og du som helst ser at du får tråkke eigne spor skal finne turmål som freistar. – Det er stor forskjell på turane sommar og vinter, sommars tid kan det vere drygt både på tur opp og ned, medan om vinteren da renn du fint og lett ned, og på dei rette stadene renn og renn du. LØÅLIKJØLEN – Tur med familien i slakt og fint terreng På Nordmarka blir det køyrt opp skiløyper så fort det legg seg snø, og sesongen bru- kar å vere lang. Du startar frå parkeringa på Nordmarka, som ligg rett attmed vegen. Dette er ein fin lågterskel-skitur, som pass- ar ypperleg om du vil ha med heile familien på tur. Turen er på rundt 5 km ein veg. Du går i slakk motbakke på tur innover, og får dermed fin fart på tur heimatt. GARTHØGLIA – Rundtur med fin fjordutsikt Ein annan fin tur, med start på vestsida av vegen på Nordmarka, er runden om Garthøglia. Runden er på omlag 15 km og her får du ein tur i litt meir variert og kupert terreng – med ei flott utsikt ut over fjorden. Kjekke nettstader for deg som vil ut på tur: morotur.no ❅ skisporet.no ❅ loyper.net ❅ dnt.no ❅ ut.no 26