Amfi Kreativ Stjernenatt | Page 31

Lives beste bålmat Bålpanna er eit triveleg samlingspunkt i den kalde årstida, og det går an å lage meir enn grillpølser på den! Her er oppskriftene til nokre av Lives favorittar ved bålet. PIZZA PÅ BÅLPANNE ca. 12 små pizzaer DEIG 1⁄2 pakke fersk gjær 3 dl lunka vatn 1 ts salt 2 ss olivenolje 6 1⁄2 dl kveitemjøl Rør ut gjær i vatn, tilset olje. Bland salt og mjøl og bland det i vatnet litt etter litt, til du får ein smidig deig. Hev på ein lun plass i ca. 20 minutt. Del i porsjonar og kjevl ut. SAUS 1 boks crème fraîche 1 kvitløksfedd Salt og peppar Kokkens o favorittar Kva er favorittråvara di? Bland alt, smak opp med salt og peppar, og stryk sausen ut på piz- zaene. Når pizzasausen er på, kan du garnere med det du vil av kjøtt, ost og grønsaker. Steik på rist over ei bålpanne, men ver forsiktig med varmen under. Brun smøret. Tilsett mjølk og vatn til lunka temperatur. Rør inn gjær og pisk inn eggeplommane. Tilset det tørre og elt til ein smidig deig. Hev på ein lun plass i ca. 30 minutt. Del deigen i små bollar og snurr den rundt pinnar. EPLESIRUP 100 g sukker 1 dl vatn 1/2 dl eplejuice Kok sukker og vatn til det blir gyllenbrunt. Tilset eplejuicen og kok den inn. Pensl pinnebrøda med eplesirupen og grill over bålet. GUACAMOLE 1 heil avocado 1 kvitløksfedd 1⁄2 chili 1⁄2 lime Salt Peppar Finkutt chili og kvitløk. Mos avoca- doen grovt før du har i dei andre ingrediensane. Smak opp med salt og peppar. PINNEBRØD PÅ BÅLPANNE 300 g mjøl 17,5 g sukker 4 stk eggeplomme 5 g gjær 1,2 dl vatn 0,8 dl mjølk 20 g bruna smør – Det er vanskeleg å velje! Eg seier smør – det er godt i alt. Kva er det beste du veit? – Eg er glad i rått kjøtt. På Credo brukar vi kjøtt frå mjølkekyr, som har gitt oss mjølk og smør gjennom livet. Det er sinnssykt godt kjøtt! Så kanskje eg skal velje tartar som min favorittrett. Kva likar du ikkje? – Det har eg ikkje funne ut enno. Eg smakar på alt, men har ikkje funne noko eg ikkje likar. Kva et du til jul? – Eg gler meg til å komme heim og få ribbe, pinnekjøtt og pølser, det er det det skal vere til jul. 31