Amfi Kreativ Stjernenatt | Page 30

Live Krangnes Edvardsen har NM-gull i kokkekunst og fast jobb hos ein av Noregs beste restaurantar. I haust fekk ho tildelt stipend frå KokkeKarlas Legat, og no er ho klar for neste kapittel i eventyret: Jobb hos ei av verdas største kokkestjerner. " - Det er ikkje noko problem å jobbe intenst når det er artig " O verraskinga var stor for Live da ho vart tildelt sti- pendet i Oslo i haust, med mange av Nordens toppkokkar som publikum. Stipendet er på 50.000 kroner, og med den støtta, kan Live oppnå draumen om eit opphald ved Atelier Crenn i San Francisco i USA. Restauranten, som har to Michelin-stjerner, er driven av Dominique Crenn. Den franske kokken er ei stor stjerne i den kulinariske verda, med stor suksess ved fleire restaurantar og mange tv-jobbar. Ho var den første kvinna i USA med to Michelin-stjerner. Live kjente godt til Atelier Crenn frå før, og da ho fekk sjansen til å møte Dominique saman med Credo-sjef Heidi Bjerkan tidlegare i år, var det ikkje tvil om kvar ho ønskte å reise for å lære meir. 30 – Dominique var veldig kul, seier Live, om stjernekokken. I etterkant har Heidi jobba for å hjelpe Live å sikre ein plass i San Francisco, og i oktober fekk ho det bekrefta: Til våren reiser ho til California for å jobbe ein periode. I september 2017 var ho med i NM i kokkekunst som commis chef til Kjell Patrick Ørmen Johnsen, og saman vann dei gull. I juni i år bestod Live fagprøven, og no har ho fast jobb som kokk ved Credo. Kva rolle ho får i restauranten, veit ho ikkje enno, men målet er å lære mest mogleg. Live har lyst til å utvikle seg vidare innan faget, for å bli ein så god kokk som mogleg. Lidenskapen for mat har ho hatt nesten så lenge ho kan hugse. Ho skryt stort av arbeidsplassen sin. – Eg har lært veldig mykje her, og vi har eit svært godt miljø på kjøkkenet. Det legg gjestane godt merke til også, for kjøkkenet er ope, slik at alle ser oss, fortel Live. – Vi har alltid vore interesserte i mat i familien min. Eg begynte å bake først, men fann etter kvart ut at det var kokk eg ville bli, fortel Live. Ho flytta frå heimen på Kvanne i Surnadal til Trondheim som 16-åring. Der gjekk ho restaurant- og matfag ved Strinda vgs, følgt av to års læreperiode ved topp- restauranten Credo. Restauranten er open frå onsdag til laurdag, og da har Live og kol- legaene travle dagar. Søndag til tysdag er fridagar, som blir bruka til å slappe av – og til å glede seg til å komme tilbake på jobb. – Det er ikkje noko problem å jobbe intenst når det er artig, dagane på arbeid går veldig fort, for eg trivst så godt! seier kokkestjerna Live.