Foto: Surnadal Golfklubb Foto: Marit Sæther
Beachvolley på Kalkstranda
Kombiner volleyball med grilling og ein frisk dukkert på Kaltstranda i sommar. På banen er det lagt splitter ny fallsand som er spesielt eigna for sandvolleyball og leik. NB! Ball til å spele med må du ta med sjølv.
Småbåtar
Småøyan camping i Bæverfjorden leiger ut småbåtar med påhengsmotor. Det kan vere lurt å bestille først, anten på telefon 414 78 032 eller e-post: smaaoyan @ gmail. com. Dei har redningsvestar tilgjengeleg. Dei har 2-3 båtar i to ulike storleikar, med dagsleige på kr 300 og kr 500 + bensin.
Diskgolf
Diskgolf er litt som å gå ein tur medan du finn på noko attåt, og passar til heile familien. Det einaste du treng er ein disk å spele med, og det får du kjøpt i sportsbutikkane i bygda og kostar frå kr 150 og oppover. Lastar du ned appen, uDisc, finn du kart over alle tilgjengelege banar i nærleiken av deg.
Sagdammen diskgolfpark finn du på nordsida i Øvre Surnadal, omtrent ein km nordom Mo kyrkje. Banen ligg opp mot skogen og litt for seg sjølv. Banen er ein 18-holsbane og startar frå parkeringa. Han passar for både dei litt meir vante og nybyrjarane. Banen er såpass ny at du ikkje finn han i appen, uDisc, enno. Men du finn meir informasjon på nettsida, sagdammen. no eller du kan ta kontakt på telefon 971 98 730. Du kan også finne banen på UDisk-appen.
Surnadal golfklubb
Surnadal golfklubb er en perle på Nordmøre som tilbyr en vakker 9-hulls bane på Kvanne. Den ligger i naturskjønne omgivelser med utsikt mot fjord og fjell, noe som gir en unik opplevelse for golfentusiaster. Klubben er kjent for sitt inkluderende miljø og arrangerer jevnlig turneringer og sosiale sammenkomster for både nybegynnere og erfarne spillere. For mer informasjon, besøk klubbens nettside surnadal-golfklubb. no.
Foto: Toril Moe
I Surnadal finn du to diskgolfparkar, dei er begge gratis og du treng ikkje å booke på førehand.
Øye diskgolfpark ligg rundt skuleområdet og idrettshallen på Øye. Her har dei ein 18-holsbane. Du finn meir informasjon om banane på Facebook-sida til Surnadal IL diskgolf. Om du har spørsmål, ta kontakt på telefon 413 56 591, eller e-post: post @ surnadalfrisbeeklubb. no.
Med forbehold om endringer.