Aktiv sommar i Surnadal
El-syklar
I Todalen på Todalen skule finn du 5 el-syklar og ei sykkelvogn med plass til to ungar tilgjengeleg for leige. Syklane er tilgjengelege så fort det er sykkelføre og så lenge nokon vil sykle. Dagsleiga er på kr 200 for ein sykkel, men leiger du fleire enn to syklar får du familierabatt og betaler berre kr 400.
Sjå meir på todalen. no.
Klatring og buldring
Trollheimen klatresenter har ope kvar dag, heile året. Her finn du fleire bulder, og om du har brattkort er det moglegheit for klatring med tau. Passar for heile familien. Her er det berre å stikke innom.
Sjølvbetent og ope kl. 6-23. Du betalar via Vipps og betalingsinformasjon finn du på staden. Sko og klatresele kan du leige der. Meir informasjon finn du på nettsida deira: trollheimenklatresenter. no
Friluftsutstyr til utlån
Hos Surnadal frivilligsentral har dei friluftsutstyr, som blant anna hengekøyer, soveposar, telt og tursekker som du kan låne frå utstyrssentralen deira – heilt gratis!
Fram til fellesferien har dei ope frå kl. 15-18 kvar torsdag, da er det berre å stikke innom. Det er ikkje mogleg å reservere på førehand. Sjå nettsida for meir informasjon: surnadal. frivilligsentral. no.
SUP
På Bølandet i Bøfjorden har dei per dags dato to brett du kan leige. Bretta er oppblåsbare, solide, og er lette å frakte med seg. Du vel sjølv om du vil leige nokre timar eller heile dagen. Dei har òg flytevestar til leige. For å reservere ta kontakt på telefon 452 47 761 eller på Facebook. Betaling via Vipps. Sjå òg gruppa deira på Facebook for meir informasjon, « SUP utleie – Bøfjorden ».
Paintball
På Ranes, attom Ranes kyrkje, finn du paintball-banen. Banen er 200 m lang og 70 m brei med fleire skjulestader og to borger. De lyt vera minimum 8 stk. for å leige, men det er artigare desto fleire de er som kan spele mot kvarandre. De får leige banen og alt av utstyr inkl. overtrekksdress for kr 450 per person og får halde på så lenge de orkar. Banen opnar så fort snøen er vekk, som oftast seint i april / tidleg mai og er open til rundt oktober. For meir informasjon og bestilling ta kontakt på telefon 413 65 002. Sjekk også videoen « KTS Paintball » på youtube. com for å sjå banen og kva det går ut på.
Med forbehold om endringer.