Aktivitetar i Surnadal 2025 | Page 14

TODALSHYTTA- ei perle i Todalen, inngangsporten til Trollheimen. Historisk lodge ved lakse-elva Toa med gode turmoglegheiter. Betent i sesong.
GRYTBAKKSETRA: Trivelege seterhus i barnevennlege omgivnader ved ei flott elv med fossar og kulpar.
Skann koden for å se alle hyttene.

DNT-hytter i Surnadal

Den Norske Turistforening( DNT) er Noregs største friluftsorganisasjon og har 57 medlemsforeiningar over heile landet.
DNT-hyttene er i hovudsak sjølvbetente hytter, men Todalshytta i Todalen er ein av dei betente hyttene Kristiansund og Nordmøre Turistforening( KNT) har.
Foto ut. no / Jonny Remmereit.
HARDBAKKHYTTA: Ligg ved eit lite tjern lett tilgjengeleg både frå Valsøybotn og frå Bøverdalen.
TROLLHEIMSHYTTA: Ligg idyllisk til i hjartet av Trollheimen, med Snota ruvande bak. Eit perfekt utgangspunkt for turar i det spektakulære fjellområdet.