3
6
4 5 7 8
Vinddøldalen Køyrer du til Øvre Surnadal og vidare opp til Vinddøldalen, finn du Vinddøla som slynger seg bedageleg nedover dalen. Lengre ned, nærare parkeringa, er det litt meir fart i elva, og her finn du både kulpar og små“ vass-sklier” naturleg forma av elva. Lengre inn er elva straks rolegare.
Vegen er stengd med bom, men om de tek med sykkel, er det fint å sykle innover langs grusvegen. Sett att syklane og gå det siste stykkjet opp til Vassdalsvatnet. Ein fin tur der ein blir løna med ei nydeleg utsikt.
Mjøksanden Mjøksanden i Bøfjorden er eit fint friluftsområde som ligg rett aust for Settemsøra, litt innanfor brua som går over til Bølandet. Her har dei i tillegg til badestrand, bygd opp ein romsleg gapahuk, leikeområde, bålplass og fleire bord med benker.
Her kan ein fint bruke dagen, og har ein med barn, kan ein ta med nokre små bøtter og gå på oppdagelsesferd i fjæra om ein går lei av å bade.
Foto: Knut Haugen, Visit Northwest. no, Siv Bakken, Mari Vattøy, Nina Torvik, Trine Engdal Storholt og Maria Yoon Garthe
2-3 |
Krokvatnet, austre |
del av Nordmarka |
4 |
Svissholmen, Stangvika |
5 |
Torvik |
6 og 8 |
Vindøla |
7 |
Vassdalen i Vinddøldalen |
9 |
Vinddøldalen |
10 |
Nauståfossen |
11 |
Vindøldalen |
12 |
Kvenndalen |
13 – 14 |
Kalkstranda |
15 – 16 |
Søysetøran |
17 |
Mjøksanden |
18 |
Krokvatnet |