Ørsta-avis 2017 Ørstaavisa 2017 | Page 3

GÅGATA: Slik ser gågata ut i dag, men Vinjevoll er framtidsretta og har større planar. TRANDALBLUES: Kjende artistar og god musikk skaper stemning. LIV: - Eit tydelegare liv i gågata er heilt klart eit mål, seier Odd Magne Vinjevoll. or Søre Sunnmøre samlast. Vinjevoll seier at Trandal- blues, Trandalrock, Trandal- country, Indiefjord, Sommarljom i sentrum, Mu- sikk i sentrum, Naturfestiva- len og Dei nynorske festspela er alle viktige festivalar som dreg folk. Han poengterer også at Ivar Aasen som ikon kan ha betydning for Ørsta som reisemål. Ørsta sin unike kombinasjon – Amfi Ørsta er som kjent det største kjøpesenteret på Søre Sunnmøre. Kombinert med ei gågate blir tilbodet spanande. Altså, Amfi i tillegg til ei vel- fungerande gågate. Han seier at Ørsta i framtida vil kunne skryte av å vere uni- ke på leveranse, frå arrangerte turar på Saudehornet – til skreddaren i gågata, og at alle desse faktorane saman vil kunne skape ein unik kombi- nasjon. – Dessutan kan du kjøpe alt frå smågodt til det mest hårete innan bil i Ørsta. Me har alle varegruppene. Slik sett nær- mar me oss å vere by. Tilbod i gågata Næringskontoret sin daglege leiar ivrar når han fortel. – Gågata skal vere ein at- traksjon. Den skal tilby spesia- litetar innan klede, kosthald og serviceyrke som til dømes ein skreddar, skomakar, gull- smed og kunstnar. Dette vil skape ein ekte og unik opple- ving. Den daglege leiaren ved Ør- sta næringskontor utdjupar og seier at dei sosiale møtestada- ne stadig blir viktigare, i ei stadig meir digital kvardag. Han fortel vidare at kaféar, bi- bliotek og kanskje ein info- hub der ein kan setje seg ned å lese eller arbeide – samstun- des som det sosiale er rundt ein. Mange vil då velje dette framfor å sitje åleine heime og lese. Det er desse miljøa som må lagast i sentrum, for det er viktigare enn nokon gong. ÅS­MUND BRUNSTAD ØYE­HAUG [email protected]