Vi startar ein helt annan plass enn med fiske . Det har no gått over eit år med pandemi , og Surnadal har også fått sin del av både smitte og bekymra innbyggarar . Margrethe fortel at kommuneleiinga har følgt utviklinga nøye i løpet av vinteren , i takt med urovekkande smitte i kommunane rundt oss . Surndalingane er eit folk på farten , både i næring og privat , og vi kunne fort ha fått eit større smitteutbrot . No har det gått svært godt så langt , fortel Margrethe , og dei få tilfella av smitte har vorte oppdaga tidleg og sporinga av smitte har fungert bra . I desse dagar trappar vi opp vaksineringa av befolkninga i Surnadal , og den er nok den einaste farbare vegen ut av denne pandemien , seier Margrethe . Med 20 års bakgrunn frå kommunehelsetenesta i Surnadal kommune , først ved sjukeheim og dei siste 10 åra som einingsleiar i heimetenesta , er ho svært opptatt av temaet . Eg ser fram mot ei tid der vi kan møtast fleire , klemme kvarandre , reise meir og besøkje kulturarrangement igjen , fortel Margrethe .
Apropos kultur . Eit anna tema som opptek ordføraren . No i mai er det endeleg klart for ny Vårsøghelg igjen , etter eit opphald i fjor . Eg gler meg verkeleg til å delta i år , fortel ho , og håpar at Vårsøghelga kan gjennomførast som planlagd . Det er lagt ned så stor innsats for å få til den helga , ikkje minst frå mange frivillige . I år skal det vere spesielt mange flotte artistar på scena som eg allereie gler meg til å få oppleve , seier ho . 17 . mai står også snart for tur , og den vil nok måtte gjennomførast noko annleis enn vi kunne tenkt oss . Men det blir sjølvsagt markering av nasjonaldagen , sjølv om smittereglar må følgjast og vi ikkje kan samlast så mange som vi kunne tenkt oss . Eg veit at mange er kreative og finn nye løysningar , innanfor dei reglane som gjeld , seier Margrethe .
Sommaren venter også snart , og Surnadal og Nordmøre har mulegheit til å visa seg fram frå si finaste side i år også . Det går mot ferie innanlands , og da kan vi vente oss eit stort antal besøkande som ønsker å oppleve den flotte naturen vår , prøve fiskelykka i elvene våre og ikkje minst besøke Kalkstranda , vår lokale ferieperle . Den er ofte godt besøkt av eigne innbyggarar , men vi har plass til fleire besøkande også , fortel Margrethe . Turisme er ei næring som har vore hardt prøva det siste året , men det er ei kraftfull næring for framtida , seier ho . Turisme og bærekraft heng så absolutt i hop , og det vil bli viktig å kunne utvikle det utvida turismeproduktet for regionen vår . Kortreiste matopplevingar er ein naturleg del av dette . Mat er i tida som aldri før , og vi kan nemne Reko-ringen , lokale meieri og slakteri , matprodusentar og innovative serveringsstadar som satsar . Og i ei spesiell tid , så blir mange tvinga til å tenkje nytt . Utkøyring av mat , henting av mat , andre alternativ må prøvast ut . Digitalisering blir enda viktigare , butikken og serveringsstaden din må kunne visast på nett og i andre digitale kanalar . Er du ikkje nok på hugget no , så blir det vanskeleg å overleve . Vi må framsnakke Surnadal som reisemål , og vere flinke til å synleggjere den flotte regionen vår , seier Margrethe .
Ordføraren er stolt av det lokale næringslivet i Surnadal . Dei fleste bedriftene har klart seg godt gjennom pandemien , men det finst sjølvsagt unntak . Det er viktigare enn nokon gong å behalde den lokale optimismen , lære av kvarandre , prate med kvarandre og handle med kvarandre . Vi er heilt avhengige av å ha eit sterkt lokalt forankra næringsliv i Surnadal , ikkje minst for å ha attraktive jobbar å tilby ungdommane våre . Eg håper også at fleire ser det positive med å busette seg meir landleg og samtidig kunne arbeide i bedrifter som har kontor andre plassar i landet , seier ho . Det å både kunne ta høgare utdanning og utføre arbeidet ditt frå heimekontor , er fullt muleg med ein desentralisert struktur . Da kan meir plass for familien , nærleik til naturen og kompetansearbeidsplassar bli oppnåeleg for mange fleire . Heimekontor kan fort bli den nye oljen , trur Margrethe .
Vi starta også intervjuet i eit landleg miljø ved elvekanten på Brekkøya . Sjølv om ordføraren kanskje ikkje er den ivrigaste fiskaren , så veit ho godt at lakseelva set Surnadal på kartet , og det langt utanfor Norges grenser . Det at mange fiskarar med følgje besøker Surnadal om sommaren , medfører store inntekter til heile regionen . Da er det viktig at heile produktet fungerer , og med det meiner ho overnatting , opplevingar , matservering og forvaltninga av elva . Her veit eg at det blir gjort ein stor innsats frå mange her i Surnadal som møter gjestane våre med smil og vennlegheit . Fiskar eller ikkje , det er alltid ein god grunn til å besøkje Surnadal i sommar , avsluttar ordførar Margrethe Svinvik .
SURNADAL VÅR 2021 11