Vi Bygger Nytt September 2021 | Page 37

Med årstidene som utsikt

Tekst og foto : Bente Marie Friis Hausken
Eg har alltid vore fasinert av store vindauge . Heilt siden eg som liten teikna moderne einebustadar . Felles for teikningane var at dei alle hadde store stovevindauge der ein følte at ein satt ute . At ein opplevde årstidene i si eiga stove syns tolvårige meg var eksotisk å tenke på .
På fjellhytta blei det tidleg klart at me ikkje skulle ha tradisjonell hytte med små vindauge . Ikkje det at det ikkje er koselig og flott , men me ville så gjerne få med oss alt som skjedde utanfor hytta . Naturen . Årstidene . Fargane . Turgåarar . Skiløperar . Og no , etter at me fekk hund , det viktigaste av alt : hundane som går forbi . Hadde det vore opp til meg hadde TV vore unødvendig når det skjer så mykje rett utanfor stovevindauget .
For å få best utbytte av utsikten har me laga benk framføre vindauget . Ein perfekt plass til å sløve , lese , spele og alt det andre som ein gjer på hyttetur . Med årstidene som utsikt .
Med store vinduer blir skillet mellom inne og ute utvisket . En benk i vinduet er blitt favorittstedet .
Vi Bygger Nytt | 37