Vi Bygger Nytt Juni 2021 | Page 33

Hvem : Ann Helen Kvalevaag Interiørdesigner og boligstylist
Bosted : Kopervik
Bloggen : modernestil . blogg . no
Før : Slik var utgangspunktet - resultatet kan du se på de andre bildene i reportasjen .

Frå idé til verkelegheit

I år som i fjor blir det til at sommaren skal nytast i norsk natur . Me fant difor ut at om me heiv oss tidleg i gang med årets hageprosjekt var det mogleg å kunne bruke den i ferien .
For å finne ut korleis me kunne nytte uteplassen best mogleg tegnet eg det opp i SkyHome sitt eget tegneprogram . Eg har lagt med eit fugleperspektiv som viser korleis eg som hagedesigner tenker .
1 . Soner 2 . Ulike nivå 3 . Bruksområder 4 . Materialvalg 5 . Himmelretning 6 . Belysning
For meg handler det om å lage gode soner . Og for at sonene skal vere gode må eg vite kva bruksområder ein treng . Dette kan variere fra familie til familie , med andre ord finnes det ingen fasit . Men familien min og eg elsker å vere ute og såg at me kunne gjere det enkelt å skape gode måltider om me kunne tilberede maten ute - difor var eit utekjøkken høgt på ønskelista . Utekjøkkenet valgte me å lage eit lite nivå opp . Samt ramme det inn med bjelker .
I tillegg er eg stor tilhenger av å ikkje sjå alle dei ulike sonene når ein kjem inn i ein hage . Eg liker at det er nivåforskjell og at sonene er skjult av f . eks . vegger og plantekasser . Og så handler det om å finne gode løysingar slik som at kjøkkenveggen gir le for sofasonen .
Når det kjem til å få eit uteområde til å virke heilhetlig er det lurt å bruke samme materialer fleire plasser . Til døme slik som me har brukt cortenstål som plantekasser og peis , den varme fargen tas opp igjen i plantene og singelen . Flisehellene er brukt under sofaen men også under boblebadet for å ramme den inn . Me har også valgt å legge dei som tråkk heller , i tillegg brukte me dei på kjøkkenbenken for skape ein raud tråd i materialvalget . Og DIY peisen laga av min mann , har blitt kledt inn med spiler for å ta opp igjen spilene på utekjøkkenet , samt gulvbordene .
Når ein velger gode materialer å jobbe med er det også fint å velge møbler som er varige som ikkje setter så dype spor etter seg . Her har SkyHome levert Norsk design , heile spisegruppen og sofaputene til den plassbygde sofaen . Har ein moglegheit til å velge kvalitet , vil det
Vi Bygger Nytt | 33