Vi Bygger Nytt Desember 2020 | Page 31

Juletips

Desember er vanlegvis den tida av året kor ein har store selskap . Familie og vener trykker seg saman rundt bordet og praten går høgt . Fatene er fulle og deilig mat . Me går aldri svoltne i jula . Redd som eg er for at me skal ha for lite mat . Me skal nok ikkje svelte i år heller , sjølv om me ikkje kjem til å trykke oss så tett saman rundt bordet . 2020 har lært oss mykje om avstand , meteren og kor mange ein kan vere i festleg lag .
Festleg lag er menneska som er der , maten me deler og ramma rundt . Det er ikkje tvil om at eg elsker å førebu festen . Tenke ut korleis eg skal dekke bordet . Duk eller ikkje duk ? Sølv-eller stålbestikk ? Kva med blomar ? I jula vender eg alltid tilbake til sviblar , granbar , papirstjerner og stoffserviettar .
Jula er tradisjonar og i år kjennes det ut som mange har skrudd opp for juletradisjonane . Både dei som blir laga i år og dei som ein har hatt lenge . Noko nytt hjå oss er spisebordet . Det store , tunge eikebordet har blitt bytta ut i eit eldre , men sprekare som kan vere rundt til kvardags og ovalt til fest .
Eg gler meg allereie til å feire jul med flokken min !
Tips 1 : Ta vare på fine syltetøyglas og bruk dei til svibelvasar . Eg syns at det blir ekstra fint når ein kan sjå molda .
Tips 2 : Snik med deg grantrespirer når du er på tur . Dei er fine på bordet , både til kvardag og fest .
Tips 3 : Til julemiddagen bruker me stoffserviettar , og då ofte kjøkenhanddukar . Pinnekjøtt og ribbe setter flekkar , og det er godt å legge ein handduk i fanget for å ta vare å festklede .
Tips 4 : Pynt serviettane og bordet med tørka eple - eller lag deg eit epleguirlander til vindauge !
• Kutt eplene i skiver ca . 1 / 2 cm
• Legg dei på bakepapir
• Tørk dei i steikeovnen på 100 grader i ca . 5 timar
Hvem : Bente Marie Friis Hausken
Bosted :
Haugesund
Instagram : www . mariefriis . no