Vi Bygger Nytt April 2021 | Page 39

No er eg klar til nye dagar på heimekontoret . Til og med mannen har ymta frampå at han kanskje kan få låne det . Han som har « budd » i kjellarstova siden før jul . Og eg har fått blod på tann og skal starte med å rydde eit gamalt og fraflytta barnerom som skal få nytt liv som garderobe .
Mens eg rydda fant eg mange bilder av borna . Både nye og gamle . Det gjekk litt tid til mimring og eg fant ut at her hadde eg noko å pynte veggane med .
Skaper langs vegg og skrivepult er laget av kjøkkeninnredning og Bestå frå Ikea
10683 Cashmere frå Jotun , supermatt . Både tak , vegger og gulvlister i samme farge
I stoffsamlinga fant eg plutseleg ein blomstrete rest som eg hugsa at foreldra mine hadde som stovegardiner på 80-tallet . Og jammen meg satte eg meg ikkje til å sy . Det var lenge siden eg hadde sydd sist . Puta passa perfekt i lenestolen eg fant i ein bruktbutikk i fjor sommar .
Lenestol , skolestol , maleri og kommode er bruktkjøp Vi Bygger Nytt | 39