Vi Bygger Nytt April 2021 | Page 38

Heimekontoret sin renessanse Tekst og foto : Bente Marie Friis Hausken

Egentlig hadde eg vurdert det slik at kanskje ikkje eg trengte kontoret mitt lenger . Det blei jo berre brukt til lagring av halvferdige strikkeprosjekter , stoff eg hadde handla inn til prosjektet som aldri blei noko av , avlagte barneklede som skulle sorterast ein dag eg fekk tid , julepynt , påskepynt , eska med ting me hurtigrydda ein dag me plutseleg fekk besøk og mykje anna som me ikkje trengde .
Men etter at arbeidslivet har forandra seg , siste året , har eg innsett at heimekontoret mitt ikkje blir lagt ned med det fyrste . Då var det berre å brette opp ermene og rydde . Og då eg var ferdig rydda syns eg verkeleg at kontoret trengte å fiffe seg litt opp . I nokre veker bestemte og ombestemte eg meg for veggfarge . Det er jo ein fargejungel der ute . Til slutt falt valget på ein gamal favoritt ; cashmere . Eg liker å ha tak og veggar sme farge når rom har skråtak , og slik blei det denne gongen óg . Filosofien er at det meste som fins på heimekontoret mitt skal oppbevarast i skuffer og skap . Det betydde at eg måtte kvitte meg med ganske så mykje . Og det kjennes heilt greit . Ein del av tingene var både eg og borna vokst i frå .
Kanskje nokre detaljer i ein boks ?
Hvem : Bente Marie Friis Hausken
Bosted :
Haugesund
Instagram : www . mariefriis . no
38 | Vi Bygger Nytt