SUSU 8 år | Page 9

– Men da må vi legge til rette for vekst . Og derfor jobbar vi med viktige forbetringar av produkta , vi skal endre layouten på fabrikken , lansere nye heimesider , innføre nytt kvalitetssystem og skifte sals- og økonomisystem . Og elles arbeide for generelt betre flyt , seier Skogseth , som i samarbeid med fagpersonar frå Nordic Door har gjennomført opplæring i Lean , for alle dei 12 tilsette . – Vi finn vel ut at vi på mange område jobbar relativt « leant » allereie , men det er nyttig å bevisstgjere seg ein driftstankegang der alle ressursar skal brukast mest mogleg effektivt , til beste for både kundar , tilsette og botnlinja , seier Skogseth .
AVGJERANDE STØTTE Utvikling kostar , og KIAS har søkt om og fått støtte frå Innovasjon Norge til prosjektarbeidet sitt . Tidlegare har òg støtte frå næringssamarbeidet SuSu mellom kommunane Surnadal og Sunndal vore viktig .
– Fleire av dei tiltaka vi jobbar med er kostnadskrevjande , samtidig som dei ikkje kastar av seg straks . Til dømes må vi bruke mykje midlar på testar og godkjenningar av nye produkt . Derfor er slik støtte avgjerande for ei så lita bedrift som vår , og vi set utruleg stor pris på den hjelpa vi får både frå slike aktørar og velvillige bankkontaktar i SMN , seier Skogseth .
LIKE VILKÅR Folka ved KIAS er òg takknemlege for den positive haldninga til norsk produksjon dei møter i marknaden , og håpar at politikarane passar på at vilkåra for å drive produksjon i distrikts-Noreg ikkje blir forverra .
– I valkampen har det vore mykje prat om politikk som kan påverke vilkåra våre , ikkje minst når det gjeld miljøet . Vi i KIAS har gjort mange tiltak for å minske den allereie vesle påverkinga vi har på miljøet . Vi tilbyr no til og med ei returordrning for dørene våre og har oppnådd Miljøfyrtårn-status . Men det kan ikkje bli slik at vi her på berget legg på bedriftene våre urimelege avgifter som konkurrentane våre i Baltikum eller andre stader , som kanskje til og med driv mindre miljøvenleg enn oss , slepp . Da blir det fort utfordrande å konkurrere på like vilkår , seier Skogseth som meiner ein må sjå på heilskapen i miljørekneskapen .
– Vi gir 30 års garanti mot råte og rust på standarddørene våre , og å lage dører som ikkje treng å bytast ut på fleire tiår er den største miljøgevinsten vi kan bidra med . Det blir heldigvis fleire og fleire av kundane våre klare over , avsluttar Skogseth .
I store badeanlegg som nye Rud Svømmehall blir det brukt mange KIAS-dører .
SUSU 8 ÅR 9