SUSU 8 år | Page 8

KIAS skal Opp og Fram !

Kvanne Industrier AS kan sjå tilbake på ein sterk vekst dei siste åra , men vil gjennom prosjektet , KIAS Opp og Fram , utvikle og styrke både drifta og produktspekteret ytterlegare .
Dørfabrikken i Industrivegen i Røtet er fylt med optimisme på vegne av dei vedlikehaldsfrie glasfiberdørene sine . Stadig fleire huseigarar , arkitektar og entreprenørar lærer å sette pris på KIAS-dører , som toler å stå år ut og år inn i fuktige og krevjande miljø , er enkle å halde reine og hygieniske , er lette og treng minimalt med vedlikehald . Etterspørselen er stigande , òg på grunn av det aukande fokuset på eit produkt si levetid og miljøfotavtrykk . Prosjektet KIAS Opp og Fram skal ruste KIAS for vidare vekst .
KVANNE INDUSTRIER AS
kvanne . no
Salsansvarleg Grim Røen og dagleg leiar Stig Kvendset har høge ambisjonar for KIAS .
NYE MARKNADAR – Vi har kome til eit punkt der vi ser vi er nøydde til å ta eit steg opp og fram på fleire område . Derfor investerer vi no for å kunne utnytte det potensialet vi meiner å sjå , både internt og i marknaden , seier dagleg leiar Stig Kvendset . Han har vore på KIAS-laget sidan tidleg på 80-talet og kjøpte saman med salsansvarleg , Grim Røen , bedrifta i 2014 . For tre år sidan kom òg dørkonsernet Nordic Door inn som deleigar . Kvendset seier samarbeidet med Nordic Door har opna nye marknadar for KIAS sine produkt :
Å lage dører som ikkje treng å bytast ut på fleire tiår er den største miljøgevinsten vi kan bidra med .
– Med tilgang til deira marknadsapparat når vi mykje breiare – og til nye kundegrupper – enn vi får til åleine . Dei er ein stor leverandør til offentlege bygg , og her ser vi allereie gode bidrag frå samarbeidet . Vi har òg kome inn som leverandør av baderomsdører på hotell , og vi meiner jo slike bruksområde er ideelle for KIAS-dørene , seier Kvendset .
DOBLE OMSETNINGA Rådgjevar Trond Skogseth som òg er styreleiar i KIAS , har vore prosjektleiar for KIAS Opp og Fram , og kan vise til ein ambisiøs utviklingsplan :
– Utgangspunktet vårt har vore at vi skal doble omsetninga vår frå dagens vel 20 mill . kroner . Vi har ein visjon om å vera den leiande norske produsenten av GRP-dører , og da er det eit naturleg mål å passere 40 mill . i løpet av ikkje alt for mange år .
KIAS lagar dørløysingar for mange bruksområde .
SUSU 8 ÅR 8