SUSU 8 år | Page 26

MED NATUREN SOM BOLTREPLASS

LYSTBETONT LÆRING I TORVIKA

MED NATUREN SOM BOLTREPLASS
Opp & Ut er eit opplevingsfirma i Surnadal . Det starta med teambuilding og skreddarsydde pakkar til bedrifter , men så kom pandemien og dei måtte tenkje nytt .
OPP & UT oppogut . com
Nina Torvik og dyra ønsker velkommen .
– Da vart det til at vi arrangerte aktivitetsleir for ungar , og i samarbeid med kommunen arrangerte vi sommarskule i sommar . Ein stor suksess , fortel Nina Torvik , dagleg leiar og 12 . generasjons drivar på garden , Oppistua Torvik . Ho har arrangert ein del open gard for familiar tidlegare , invitert til alternativ halloweenfeiring og no som ho har fått skjenkeløyve har ho hatt open « Bekre bar » om sommaren . Ho driv og med overnatting , der ein kan kome på gards- eller fiskeferie . Garden ligg fint til ved fjorden og ho har fleire fiskebåtar til utleige .
Torvik brenn for naturen og lystbetont læring . Den teknologiske utviklinga kan vi ikkje stoppe , men ho meiner vi treng eit større fokus på dei naturlege verdiane våre , spesielt for helsa vår sin del er det gunstig om vi får til ein betre balanse . – Kva treng dei som veks opp no , som har teorien i handa heile tida ?, spør ho .
Med Opp & Ut ønsker ho å bruke naturen og dei naturlege verdiane til opplevingar for folk i alle aldrar , men spesielt til førebygging av psykiske vanskar for barn og unge . – Eg har trua på at om ein berre får spelerom til å utvikle seg i naturen , styrkar ein den mentale helsa ganske mykje . Det er lystbetont læring som er visjonen min . Men litt meir kapitalistisk sagt , så har eg eit ønske om å skape arbeidsplassar og å bevare garden for min og neste generasjon . Eg er no 12 . generasjon som bur her , så det er ein gamal slektsgard og konvensjonelt landbruk går det ikkje an å leve av , slik eg bur .
Opp & Ut fekk SuSu-midlar til å arbeide med vidareutvikling , og sjølv om ho sette pris på pengane var det noko anna som betydde kanskje like mykje for ho . – Det var ei anerkjenning å få midlane . For når ein held på med noko åleine , da er det dagar ein tvilar og spør seg kva ein eigentleg driv med . Da er det fint at nokon fortel deg at vi har trua på det du held på med . Det er motivasjon til å ikkje gje opp , og så veg det litt tyngre når nokon legg pengar i det attåt .
Ho ser store moglegheiter , både for eiga bedrift og regionen , men det kjem ikkje av seg sjølv og ho er tydeleg på kva som trengs . – For Surnadal og området vårt , hadde ein felles marknadsføringskanal vore av stor betydning , vi må synleggjera oss . Fyrtårn som Atlanterhavsvegen og Innerdalen er bra , men vi må vise fram alt som finst imellom . Det er mykje som snakkast om , men nokon må ta ansvaret og byggja det opp , avsluttar Torvik engasjert .
Alltid noko artig å finne på i Torvika , anten det er med familien eller bedrifta .
SUSU 8 ÅR 26