Surnadal Vårmagasin 2022 Mai 2022 | Page 17

Gleda over å glede andre

Vårsøghelga
26 . - 29 .

MAI

Trond Viggo Bjørn Tomren og Heine Bugge Mahsa Vahdat Henning Sommerro Signe Emmeluth
Programmet for Vårsøghelga 2022 er sjølvsagt spikra for lengst , men det er likevel mykje som skal gjerast før dei kan puste letta ut og ta i mot ståande applaus for enda ei vellykka festivalhelg .
I år kan dei mellom anna freiste med namn som Bjørn Tomren , Heine Bugge , Trond Viggo Torgersen , Mahsa Vahdat og Oslo Strykekvartett . 2022 er òg frivilligheitas år og skal synleggjera kor viktig frivillig arbeid er i samfunnet . Vårsøghelga er ikkje noko unntak . Festivalen er tufta på frivillige og eldsjeler som har lagt ned uendeleg mange timar med dugnadsarbeid gjennom fleire år .
Utan dei hadde det ikkje vore nokon festval , men det trengs nye krefter som kan trø til ,
og no håpar dei at det finst fleire der ute som kan tenkje seg å vera med og bidra .
Dei frivillige kan bidra før , under eller etter festivalhelga , og her er det mange ulike oppgåver som må løysast . Kanskje finn du noko som interesserer deg ?
Om du har lyst til å vera med og oppleve gleda over å glede andre finn du meir informasjon og kontaktinformasjon på nettsida : varsoghelga . no / frivillige /
Eit godt fornøgd styre gler seg til å kunne ønskje publikum velkomen til Vårsøghelga 2022 .
Frå venstre , Ole Magne Ansnes , Anne Lise Wullum , Jon Arne Mogstad , Anders Larsen , Janne Husby ,
Ingvild Kårvatn , Karin Åsbø , Pål Sæther ,
Linda Torvik og Lars Polden .
Meir info på : varsoghelga . no • Billettsalg på Surnadal kulturhus , surnadal-kulturhus . no og ved inngangen . Følg oss på :
SURNADAL VÅR 2022 17