Surnadal Vårmagasin 2022 Mai 2022 | Page 15

Foto : Todalen el-sykkel - Eline Karlsdatter Fladseth / visitnorthwest . no Foto : Lediard Foto / visitnorthwest . no
El-syklar
I Todalen finn du 5 el-syklar og ei sykkelvogn med plass til to ungar tilgjengeleg for leige . Syklane er tilgjengelege så fort det er sykkelføre og så lenge nokon vil sykle . Dagsleia er på kr 200 for ein sykkel , men leiger du fleire enn to syklar får du familierabatt og betaler berre kr 400 . Ta kontakt på telefon 986 11 707 for å reservere og for å avtale stad å hente syklane . Sjekk også ut Todalen Grendalag si side på Facebook for informasjon . Betaling på Vipps til 568828 .
SUP
På Bølandet i Bøfjorden har dei per dags dato to brett du kan leige . Bretta er oppblåsbare , solide og er lette å frakte med seg . Du vel sjølv om du vil leige nokre timar eller heile dagen . Dei har òg flytevestar til leige . For å reservere ta kontakt på telefon 452 47 761 eller på Facebook . Betaling via Vipps . Sjå òg gruppa deira på Facebook for meir informasjon , « SUP utleie – Bøfjorden ».
Kajakk
Hos Opp & Ut på besøksgarden Oppistua Torvik i Torvika har dei to doble og ein enkel kajakk du kan leige . Det kostar 250 kr per dag og dei har redningsvestar tilgjengeleg . Du kan enkelt booke via eit skjema på nettsida deira , oppgout . com eller ta kontakt på telefon 480 21 184 eller e-post oppogut @ outlook . com .
Paintball
På Ranes , attom Ranes kyrkje , finn du paintball-banen . Banen er 200m lang og 70m brei med fleire skjulestader og to borger . De lyt vera minimum 8 stk . for å leige , men det er artigare desto fleire de er som kan spele mot kvarandre . De får leige banen og alt av utstyr inkl . overtrekksdress for kr 300 per person og får halde på så lenge de orkar . Banen opnar så fort snøen er vekk , for oftast seint april / tidleg mai og er open til rundt oktober . For meir informasjon og bestilling ta kontakt på telefon 413 65 002 . Sjekk også videoen « KTS Paintball » på YouTube . com for å sjå banen og kva det går ut på .
Sandvolleyball
Attmed Ørabrua finn du Omfløddøra beachvolley , eit fint opparbeidd område med to sandvolleyballbanar . Det er fleire bord og benkar å sitte på , nokre av dei under tak . Det er og moglegheit for grilling og bading i elva . NB ! Ball til å spele med må du ta med sjølv .
Hengekøyecamp
Ta med dykk hengekøya og finn ein plass i hengekøyecampen hos Opp & Ut i Torvika . Her er alt lagt til rette for å henge opp køya di , og er du usikker på vêret har dei plass til hengekøyer i båthuset . Campavgifta kjem på kr 150 per døgn for vaksen , barn under 12 år kr 70 per døgn og familie på fem kr 450 per døgn . Inkludert er tilgang på bad , bålpanner og anna uteareal på garden . For meir informasjon og booking sjå nettsida deira , oppogut . com eller ta kontakt på telefon 480 21 184 .
Småbåtar
Småøyan camping i Bæverfjord leiger ut småbåtar med påhengsmotor . Det kan vere lurt å bestille først , anten på telefon 414 78 032 eller e-post : smaaoyan @ gmail . com . Dei har redningsvestar tilgjengeleg . Dei har 2-3 båtar i to ulike storleikar , med dagsleige på kr 300 og kr 500 + bensin . Hos Opp & Ut på besøksgarden Oppistua Torvik leiger dei ut båt med fiskeutstyr . Dei har ein båt med og ein utan motor , og redningsvestar tilgjengeleg . Det kostar kr 500 for ein dag . Du bookar via eit skjema på nettsida , oppogut . com eller du kan ta kontakt på telefon 480 21 184 .
Diskgolf
Diskgolf er litt som å gå ein tur medan du finn på noko attåt og passar til heile familien . Det einaste du treng er ein disk å spele med , og det får du kjøpt i sportsbutikkane i bygda og kostar frå kr 150 og oppover . Lastar du ned appen , uDisc , finn du kart over alle tilgjengelege banar i nærleiken av deg . I Surnadal finn du to diskgolfparkar , dei er begge gratis og du treng ikkje å booke på førehand . Øye diskgolfpark ligg rundt skuleområdet og idrettshallen på Øye , her har dei ein 18-holsbane og ein litt mindre bane med 9 hol tilpassa nybyrjarar og barn . Du finn meir informasjon om banane på Facebooksida til Surnadal IL diskgolf . Om du har spørsmål , ta kontakt på telefon 412 67 728 . Sagdammen diskgolfpark finn du på nordsida i Øvre Surnadal , omtrent ein km nordom Mo kyrkje . Banen ligg opp mot skogen og litt for seg sjølv . Banen er ein 18-holsbane og startar frå parkeringa . Han passar for både dei litt meir vante og nybyrjarane . Banen er såpass ny at du finn han ikkje i appen , uDisc , enno . Men du finn meir informasjon på nettsida , sagdammen . no eller du kan ta kontakt på telefon 971 98 730 .
Klatring og buldring
Trollheimen klatresenter har ope kvar dag , heile året . Her finn du fleire bulder og om du har brattkort er det moglegheit for klatring med tau . Passar for heile familien . Her er det berre å stikke innom . Sjølvbetjening og ope kl . 6-23 . Du betalar via vipps og betalingsinformasjon finn du på staden . Sko og klatresele kan du leige der . Meir informasjon finn du på nettsida deira : trollheimenklatresenter . no
Friluftsutstyr til utlån
Hos Surnadal frivilligsentral har dei friluftsutstyr , som blant anna hengekøyer , soveposar , telt og tursekker som du kan låne frå utstyrssentralen deira – heilt gratis . Fram til fellesferien har dei ope frå kl . 15-18 kvar torsdag , da er det berre å stikke innom . Det er ikkje mogleg å reservere på førehand . Sjå nettsida for meir informasjon : surnadal . frivilligsentral . no .
Med atterhald om feil og prisendringar .
SURNADAL VÅR 2022 15