Surnadal Vintermagasin 2021/22 November 21 | Page 33

Planane om eit ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal går over i ei ny og spennande fase , som gir ny tru på realisering . Trond Skogseth starta i oktober som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS . Vi ville høyre nokre av hans tankar , når han no går inn i dette prosjektet som betyr så mykje for mange i vår region .
Rett og slett 10 aktuelle spørsmål om

Todalsfjordprosjektet .

1 . Kva er det første du vil prioritere når du no har starta som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet ? TS : Det viktigaste no er å bli kjent med dei ulike deltakarane i prosjektet og prosessane som må på plass og utførast for at prosjektet forhåpentlegvis skal kunne realiserast , så godt og raskt som mogleg . 2 . Dette er planar frå heilt tilbake til 1930-talet . Er trua til folk i Surnadal og Sunndal like sterk ? TS : No har vel alltid tru og tvil gått i lag , men kjensla mi er i alle fall at det store fleirtalet no verkeleg ønskjer og trur på dette sambandet og ser at føresetnadane for å få det til er på god veg til å falle på plass . 3 . Blir prisane for passeringar mykje dyrare enn dagens ferjeprisar ? TS : Kva pris ein vil lande på avheng av fleire faktorar som vi ikkje har oversikt over enno , men som vi skal legge inn i vår kalkyle på korleis prosjektet kan finansierast på ein realistisk måte . Målet er sjølvsagt at prisane skal haldast lågast mogleg , og vi vil sjå meir presise berekningar på dette når kalkylane tar meir form . 4 . Målet om byggestart i 2025 , er det realistisk ? TS : Fylket har sagt at reguleringsplanperioden truleg vil ta rundt tre år , og den skal altså vere ferdig tidleg i 2025 . Da går prosjektet over i neste fase som er prosjektering , grunnerverv , anbod og deretter bygging . Parallelt med alt dette skal vi arbeide med å få finansieringa klar , og førebu søknadane som skal godkjennast av Stortinget . Heller enn byggestartdatoen , så er fokuset mitt og vårt på dei berømmelege arbeidsoppgåvene vi og fylket må utføre innan brufesta kan byggast og tunnelsalvene tennast . Kjem vi fram til gode løysingar som let seg finansiere så vil sambandet faktisk bli bygd . Det at det har tatt over 80 år til no er ikkje eit argument for å ta snarveger no på det som forhåpentlegvis er ei oppløpsside . Da kan vi snuble . 5 . Er det ein risiko for at prosjektet ikkje let seg realisere , no som vi er så nære ? TS : Sjølvsagt er faren der . Sjølv om det er vilje og støtte både politisk og i opinionen , så er dette eit stort prosjekt og veldig mykje pengar , og vi er avhengige av at vi kjem fram til gode og realistiske løysingar som let seg finansiere . Igjen , det er ei utfordring vi trur vi skal takle . 6 . Eit døgnope Nordmøre , kva for ringverknadar får det ? TS : I tillegg til det sjølvsagte , med større moglegheiter for større fleksibilitet og samkvem når det for eksempel gjeld arbeidsliv , handel og skule , så vil det ha ringverknadar for alle delar av samfunnet vårt . Det vil bli større flyt , både mellom kommunane og ikkje minst frå det eg trur vil bli langt større trafikk på denne aksen mellom mørebyane – Trondheim , med den aktivitet og energi det medfører . 7 . Det er planer om nye grøne næringsparkar i Ålvundfjord og på Nordvik , kva betyr dette ? TS : Eg har ikkje full oversikt over desse planane enno , men det er klart at det vil bli opna opp nye moglegheiter langs sambandet . Ålvundfossen vil for eksempel bli eit enda meir sentralt knutepunkt enn det er i dag . 8 . Kva er fylkeskommunen si rolle framover ? TS : Fylket er jo vegeigar og har
Todalsfjordprosjektet på førsteplass blant vegprosjekta sine . Det siste året har dei sett makt bak dette , og i desse dagar bemannar dei for eksempel opp vegavdelinga i Kristiansund for å ha ressursar til ein god reguleringsplanprosess . Finansieringa av reguleringsarbeidet forventar vi blir vedteke på fylkestinget i desember , og i løpet av første kvartal skal arbeidet vere godt i gang . 9 . Kan realisering av brua presse fram ei kommunesamanslåing mellom Sunndal og Surnadal ? TS : Det har ikkje eg noko formeining om , men uansett så vil den i alle fall gjere dei to kommunane , samt Tingvoll , i betre stand til å samarbeide , på alle måtar . Eg tenkjer at det nesten er litt rørande å tenkje på at dette sambandet vil vere med og styrke banda over fjorden frå gamle Stangvik kommune , frå tida før bilsamfunnet kom og endra trafikkflyten . 10 . Det har i haust vore fokus på konsekvensane for Svinvika og verksemdene der . Kan dette velte heile prosjektet ? TS : Svinvika vil naturleg nok bli endra gjennom at det kjem eit bru-kar og kryss der , og alle forstår at dette vil påverke både garden og arboretet . Men no har kommunane og demokratiet vårt bestemt at dette , totalt sett , er den beste løysinga , og da er det dei rammevilkåra vi har å forhalde oss til . Og så er det sjølvsagt ansvaret vårt å gjere det vi kan , innanfor dei fastsette rammene , å få til ei så god løysing for både Svinvika og alle andre som blir påverka av prosjektet og løysingane .
SURNADAL VINTER 2021 / 22 33