Sommermagasin Surnadal 2026 Næringsliv, opplevelser og aktiviteter i Surnadal 2026 | Page 51

Nathan Lediard

– augeblikk som varer

Gode bilete handlar ikkje berre om lys og komposisjon – dei handlar om menneske, stemningar og dei små augneblikka som fortel ei historie. Som fast fotograf for Surnadalsmagasinet har Nathan Lediard vorte eit kjent namn for mange i bygda, med eit profesjonelt blikk for det ekte og nære.
Lediard Foto AS
Dei siste åra har Nathan studert journalistikk i Nord-Noreg. Vil du fortelje oss litt meir om det?
– Ja, eg har alltid vore interessert i journalistikk og har gjort ein del journalistiske fotooppdrag opp gjennom åra. Mellom anna seks månader stasjonert med Nittedal brannvesen og eit spennande bokprosjekt saman med forfattar Olav Viksmo Slettan om nødetatar rundt om i landet. Eg har òg levert foto til Driva, men no leverer eg komplette saker med både tekst og bilete.
Eg har alltid meint at det er viktig med utdanning i det ein held på med, så det å studere journalistikk var eit naturleg val for meg. Eg hadde ikkje høve til å ta ein fulltids bachelor no, men Nord universitet har eit grunnstudium retta mot folk som jobbar i eller for lokalaviser. Studiet er samlingsbasert i Bodø og Levanger og ligg på bachelornivå, så eg kan byggje vidare seinare om eg ønskjer det. Faktisk har eg allereie søkt plass på eit ekstra semester til hausten, så det blir spennande. Å ha fleire bein å stå på er viktig i desse usikre tidene, så journalistutdanninga er eit fint supplement til fotoutdanninga og erfaringa mi.
Nathan tilbyr fotografering for både private og bedrifter i Surnadal og omegn. Enten du ønskjer familieportrett, bilete frå ein spesiell dag, eller profesjonelle profilbilete til bedrifta di, legg han vekt på å skape ei passande og naturleg ramme rundt fotograferinga.
Resultatet er bilete som kjennest personlege og som du vil ha glede av i mange år framover.
Hugsar du ditt aller første profesjonelle fotooppdrag – eller det første biletet du tok som fotograf?
– Eg vart leigd inn av ein sponsor i 2004, om eg hugsar rett, for å fotografere VM i ski i Holmenkollen. Det var både langrenn, kombinert og hopp. Eg hugsar det var litt skummelt, men utruleg lærerikt.
På oppdrag for Surnadalsmagasinet.
Surnadal 2026 51
Etter det byrja det å rulle inn arbeid og det vart ein skikkeleg kickstart på karrieren min som fotograf.
Då eg budde på Austlandet jobba eg nesten utelukkande med bedrifter. Det var først etter at eg starta opp i Surnadal at eg byrja å fotografere meir for privatmarknaden. Eg har no over 20 års erfaring med bedriftsfotografering og har utvikla ei god forståing for kva kundane treng og korleis ein leverer eit produkt som formidlar verksemda på ein truverdig måte. Det handlar ikkje berre om å vise sluttproduktet, men òg menneska og prosessen bak.
Ikkje alle er klar over det, men eg har òg levert mange videoar frå ulike fabrikkar rundt om i landet.
Kombinasjonen av video og gode bilete viser verkeleg fram produksjonsprosessar enten det er på eit kontor, eit lite verkstad eller i ein stor fabrikk.
For bedrifter kan gode bilete vere avgjerande for førsteinntrykket. Nathan hjelper med alt frå portrett av tilsette til miljøbilete og visuelt innhald som kan løfte både nettsider og marknadsføring. Det handlar ikkje om å vere « perfekt » framfor kamera, men om å vere seg sjølv. Med ei unik og profesjonell tilnærming gjer Nathan det lett å senke skuldrane, slik at dei beste augeblikka får kome fram.