Solships - Solstad Offshore ASA 04/2010 - Christmas edition | Page 42

sjømannsforeningen Hilsen fra sjøfolket – Normand Aurora DET ER DEN DRAUMEN Det er den draumen me ber på At noko vedunderleg skal skje, At det må skje – At tidi skal opna seg, At hjarta skal opna seg At dører skal opna seg, At berget skal opna seg, At kjeldor skal springa – At draumen skal opna seg, At me ei morgonstund skal glida inn På ein våg me ikkje har visst um. Julehelsing frå Skudenes Sjømannsforening Det er ingenting som går så fort som et år eller to sa Hamsun. Og sanneleg er snart 2010 historie. Kanskje blir det draumejul og eit godt nytt år. Det får vi håpe. For er det noko vi veit, så er det at vår tid her på jorda er det finaste vi har fått og tida her må vi ta vare på. Foreningen prøver etter beste evne å ha eit miljø der alle kan trivast. Våre medlemsmøte spenner over fleire emne. Møtene er første måndag i kvar månad. Fleire emne kan nemnast, om skatt som vi alle må betale, årsmøte med forslag og val er lagt til februar. Convoy Cup hører inn under Skudenes Sjømannsforening. Det er viktig å hedre dei som gjorde teneste for Norge under andre verdskrigen. ”Honouring those who served” er mottoet til Convoy Cup. Æresregattaen gjekk dette året til Orknøyane der og foreningens shantykor arrangerte tur tur til øyane. Vi har hatt besøk frå Haugesunds Sjømands- og Skipperforening. Lennsmann Reidar Gaupås fortalde om sin arbeidsplass og korleis vi klarer oss i 42 Karmøy. Vi har hatt interessant foredrag av Dag Findsnes om hans far som blei sjef for Kinas tollkrysserflåte. Tidlegare banksjef Rolf Pedersen hadde kåseri og mange gode historier frå sitt arbeidfelt. Hans Magnus Hillesland hadde med mange bøker med tilknyting til sjøfart og sjøfolk. Ove Midtskog fortalde om sin arbeidsplass Vassbakk & Stol A/S. Til julemøtet den 06. desember har vi fått Lars Tore Anda til å dele nokre juletankar med oss. Vår ”faste” prest Rune Birkeland er ute i andre oppdrag. Det er fint å sjå Solstad – rederiet med samfunnsbyggar Johannes S. Solstad i fronten og hans sønn Lars Peder Solstad som fører skuta inn i framtida. Solstad Offshore går inn i miljøkampanje som skal senke drivstofforbruket på sine skip. Solstad stjal showet står å lese i avisene. Det var under oljemessa i Stavanger selskapet lanserte verdensnyhet på miljøfronten. Solstad er sørvest – regionens beste veksts kaper les ein i ei anna avis. Solstad hadde og i år arrangement for våre krigsseilerar. Det var foredrag og ulike former for underholdning. Elles er det alltid ei høgtidsstund i Parken den 17. mai. Vi må ikkje gløyme Skudefestivalen som gir verdifulle inntekter til foreningen. Solships - 41. årgang – julen 2010 Skudenes Sjømannsforening vil gjerne ønske alle i Solstad Shipping AS ei fin og god julehelg og eit godt nyttår. Kva med ei ”oppskrift på en vellykket dag”. 1 kopp vennlige ord 2 toppede kopper forståelse 4 ts. Tid og tålmodighet. 1 stenk hunor. Fremgangsmåte: Vei ordene nøye. Tilsett forståelsen. Bruk god tid og glem ikke tålmodigheten. Blandes over ilden med den varme personligheten, men må ikke koke. Hold temperaturen på 37.5 * C og ha alltid humoren beredt. Smak til med livets krydder. Serveres i individuelle porsjoner. Med Vennleg helsing Skudenes Sjømannsforening Øystein Karlsen.