Ryfylkeguiden 2014 | Page 8

Korleis kome til Kjerag og Preikestolen Det er ikkje mogleg å gå til Kjerag og Preikestolen på ein dag. KJERAG Med eigen bil: Køyr Lysevegen frå Sirdal eller ta turistbilferga ein eller begge vegar. Parkering ved Øygardsstøl. Heilårs lokal rutebåt på Lysefjorden. Reis kollektivt: Buss og/eller båt Stavanger – Kjerag og Lysebotn (SomMarsesong) PREIKESTOLEN Med eigen bil: Parkeringsplassen for turen til Preikestolen ligg 10 min. frå Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13). Godt skilta. Reis kollektivt: Reis kollektivt med ferje frå Stavanger til Tau og buss vidare frå Tau til utgangspunktet for turen (somMarsesong). Taxi frå Jørpeland utanom sesongen. SIGHTSEEING PÅ LYSEFJORDEN: 2 daglige avganger med turistbilferja i sesongen. www.norled.no og www.rodne.no BUSS frå Tau og Jørpeland til Preikestolen fjellstue www.boreal.no eller www.tide.no Velkommen til ein spektakulær tur til Preikestolen Preikestolen er ei oppleving for livet og er Norges viktigaste, og Ryfylkes desidert mest kjende, naturattraksjon. Stiftelsen Preikestolen har ansvaret for utbygging av sti, parkeringsplassar og servicebygg i forbindelse med Preikestolen. Parkeringsavgifta går til å drifte dette og til utviklingstiltak. Vi arbeider heile tida med å leggje forholda best mogleg til rette for alle besøkande. Ta gjerne kontakt med våre parkeringsvertar dersom du har spørsmål. Sesong April - Oktober. Tidsbruk: 3 - 3,5 time tur/retur Parkeringsavgift kr. 100 pr. dag 8