Ryfylkeguiden 2014 | Page 71

3 - 6 DAGAR: Ryfylke er ein naturleg del av ei kvar reise i FjordNorge. Ryfylke er med sin sentrale plassering sør i Fjord Norgeein god start på lengre, minnerike rundturar. Meir informasjon på www.ryfylke.com. SETESDAL VESTHEI – RYFYLKEHEIANE RUNDT(Rogaland, Vest- og Aust Agder) Lauvvik/Forsand - Lysebotn Brokke - Haukeligrend - Røldal - Sand Forsand. 2-6 dagar, 405 km, 2-3 ferjer. 1 Fantastisk rundtur med både fjord, fjell og grøne dalar. Ferje på Lysefjorden og hårnålssvingar opp frå Lysebotn. Vegen vidare til Øvre Sirdal. Ved Suleskar går vegen over fjellet opp i 1050 meters høgde, så til Brokke i Setesdal. Følg rv. 9 opp Setesdal. Ved Haukeligrend; E 134 til Røldal og sjå stavkyrkja. Frå Røldal, ta anten fv. 520 til Sauda og ferje til Sand. Eller rv. 13 heile vegen sør til Forsand. Avstikkar i sør: følg Setesdal sørover frå Brokke og ta vestover frå Evje mot Tonstad i Sirdal. Ta så nordover til Suleskard og Lysebotn. FEM FARGERIKE FYLKE (Rogaland, Vest- og Aust Agder, Telemark og Hordaland). Lauvvik/ Forsand - Lysebotn Brokke - Hovden (evt. Dalen/ Åmot) - Haukeligrend - Røldal - Sand Forsand. 2-6 dagar, 405 km, 2-3 ferjer. 2 - Fantastisk rundtur der du får med deg eit tverrsnitt av sør-Norske landskap, med like variert natur som bygdekultur. Ferje på Lysefjorden og hårnålssvingar opp frå Lysebotn. Vegen vidare til Øvre Sirdal. Ved Suleskar går vegen over fjellet opp i 1050 meters høgde, så til Brokke i Setesdal. Følg rv. 9 opp Setesdal. Ved Haukeligrend; E 134 til Røldal og sjå stavkyrkja. Frå Røldal, ta anten fv. 520 til Sauda og ferje til Sand. Eller rv. 13 heile vegen sør til Forsand. Avstikkar til Telemark (126 km): Ved Rotemo i Setesdal, ta rv. 45 til Dalen, og prøv ein båttur på Telemarkskanalen. Vidare forbi Eidsborg stavkyrkje til E 134,så vestover mot Åmot og Haukeligrend. SomMarstid kan du ta Suleskarekspressen i ruta mellom Stavanger, Sirdal, Setesdal, Dalen og Åmot, sjå www.nor-way.no. Aurefangst. Vår i Ryfylke. Sand i Suldal Foto: Hanne Sundbø Vår i Ryfylke - Foto: Hanne Sundbøe 71