Ryfylkeguiden 2014 | Page 64

RUNDTURAR I OG UTANFOR RYFYLKE 1 - 3 DAGAR: Frå din base i Ryfylke kan du gjera mange spennande rundturar med bil innan den kontrastrike Ryfylkeregionen og i distrikta omkring. Her er berre nokre av dei mange opplevingsrike turane viste. Ta kontakt med turist-informasjonane for detaljar som opningstider, guiding, ferjetider m.m. Bruk gjerne Nasjonal turistveg Ryfylke, rv. 13 og fv. 520 som utgangspunkt for gode køyreopplevingar. Meir info på www.ryfylke.com. 1 EIN KRAFTIG TUR Sand - Blåsjø - Sand. Ca. 100 km, 3-4 timar. Ryfylke som kraftprodusent vert her vist med dei enorme demningane som likevel ligg fint i fjellandskapet. Oddatjørndammen og Førrevassdammen samt 9 andre dammar held på plass Blåsjø, ein av dei største kunstige innsjøane i Noreg. Blåsjø ligg i Suldalsheiane, eit flott turområde som inngår i rutenettet til Stavanger Turistforening. Vegen til Blåsjø er vinterstengt. Sesong: Juli-September. 2 FJORD OG HEI I EITT Hjelmeland - Songesand Forsand - Hjelmeland. 120 km, 5-6 timar, 1 ferje (må tingast på førehand for bil). Bygda Årdal med Årdal gamle kyrkje, fjellområda over Lyngsheia,Ryfylkebyen Jørpeland og Lysefjorden med Preikestolen. Vinterstengt veg til Songesand. Blåsjøvegen, Suldal - Foto: Rune Roalkvam 64