Ryfylkeguiden 2014 | Page 60

Høsebrua og Sandsfossen - Foto: Dag Jensen Modellbilde Allmannajuvet Svandalsfossen - Foto: Sauda Ferie & Fritid Nasjonal turistveg Ryfylke er ein av til saman 18 turistvegar som vert utvikla gjennom Turistvegprosjektet i Norge. Vegen går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Nasjonal turistveg Ryfylke er heile 183 km lang og byr den reisande på eit vakkert og frodig landskap. Grøne skjergardsidyllar og velpleia kulturlandskap blir avløyst av steinurer, blankskurte stup, fjord og fjell. Langs Svandalsfossen ved fv. 520 i Sauda er det etablert ei trappevandring med moderne arkitektur, der vassfallet kan opplevast på nært hald. Ferjeleiet Ropeid har fått eit venterom med dristig design. Over Sandsfossen i Sand er Høsebrua ferdigstilt. Brua er teikna av den finske arkitekten Sami Rintala. Vil du oppleva fleire Nasjonale turistvegar i fjordane? Prøv Nasjonal turistveg Jæren sør i Rogaland og Nasjonal turistveg Hardanger nord for Ryfylke. D