Ryfylkeguiden 2014 | Page 55

Svandalsfossen – Foto: Hanne Sundbø ATTRAKSJONAR I SAUDA SINKGRUVENE I ALLMANNAJUVET I samband med Nasjonal turistveg Ryfylke har den verdskjende arkitekten Peter Zumthor frå Sveits teikna anlegg i Allmannajuvet ved dei nedlagte sinkgruvene. Anlegget skal bestå av parkering og servicebygg ved fylkesvegen og bygningar inne i Allmannajuvet for formidling og oppleving av gruvehistoria. Anlegget skal sluttførast i 2015. Gruvedrifta i Allmannajuvet starta i 1882 og varte til 1899. Det blei bygd ein spektakulær veg som slynger seg opp langs elva til gruveinngongen. Grunna anleggsverksemd er det usikkert om det blir guiding sommaren 2014. For informasjon: Sauda Kommune, tel. 52 78 62 00 1 ÅBØBYEN OG INDUSTRIARBEIDARMUSEET (RYFYLKEMUSEET) Tel: 52 79 29 50 www.ryfylkemuseet.no Åbøbyen er eit unikt bustadområde som blei reist for arbeidarar og funksjonærar ved Sauda Smelteverk frå 1916 og framover. Industriarbeidarmuseet held til i ein arbeidarbustad frå 1917. Her kan du oppleva korleis arbeidarfamilien levde i leilegheiter frå 1920- og 1960-talet, samt sjå ei fotoutstilling om livet på smelteverket. For omvisning og opningstider, ta kontakt med Ryfylkemuseet. JONEGARDEN PÅ HUSTVEIT Tel: 52 79 29 50 www.ryfylkemuseet.no Jonegarden har vore i same slekt sidan 1600-talet. Ryfylkemuseet har dei siste åra gjenreist ei flott stavløe i tunet. Løa er ope heile året og der er det ei utstilling om garden og folka og om stavkonstruksjonen. Ein natursti leier oss vidare gjennom eit unikt kulturlandskap inn til Kvednafossen. Her står korntørke, kvern, verkstad og sag, alt drive av vasskraft. Ta gjerne en tur innom. Korleis komme deg hit: følg 520 retning Haugesund, 13 km frå Sauda. Vil du bestille omvising, ta kontakt med Ryfylkemuseet tel. 52 79 29 50. 55 www.ryfylke.com