Ryfylkeguiden 2014 | Page 51

Laksesafari i Suldalslågen - Foto: Mo Laksegard LAKSESAFARI Tel: 52 79 76 90 Sesong: heile året Kle deg i overlevingsdrakt og flyt nedover elva! Er du heldig kan du sjå laks og aure som står i elva. Pris: kr. 790 pr. person. Min. 6 personar, maks 30. Grupper kvar dag på bestilling. Påmelding til Mo Laksegard. ELVEEKSPEDISJON Tel: 52 79 76 90 Sesong: heile året Bli med på ei spennande flåteferd ned Suldalslågen. Pris: kr. 490 pr. person. Min. 6 personar. Grupper kvar dag på bestilling. Påmelding Mo Laksegard. TURFORSLAG I Suldal er det eit godt utbygd turløypenett - uansett form og alder finn du ein tur som passar! På Suldal Turistkontor har me kart som skildrar over 50 turar i fjord-, dal- og heielandskap. Stavanger Turistforening har eit utstrakt nett av merka løyper i Suldalsheiane sommar og vinter. På www.suldal-turistkontor.no finn du fleire turtips og gode lokale turkart. SYKKEL Sykkel er ein fin måte å ta seg fram på og du får sjå stader og ting du gjerne ville køyre forbi med bil. Nokre idear til fine stader for tursykling er: - Blåsjøvegen frå Gullingen til Blåsjø - Jelsaområdet - Ropeidhalvøya/Hebnes 51 www.ryfylke.com