Ryfylkeguiden 2014 | Page 38

Tau mølle - Foto: Hessel Haker GOLF Mob: 988 18 940 Flott golfbane med ni hol ved vegen opp til Preikestolen fjellstue. BADELIV Følgjande badeplassar er tilrettelagt i Strand. Sjø: • Tøgjevågen, ca. 3 km nord for Tau, båtutfarts- og turområde. Toalett, grillplass, fortøying. • Strandastøa, Tau. Toalett, leikeanlegg. Godt eigna for vindsurfing. • Kuvika, ca. 4 km sør for Tau. Toalett, leikeanlegg, gode fiskemulegheiter. • Barkavika, vel 2 km nord for Jørpeland. Sandstrand, toalett, leikeanlegg, sandvolleyballbane. Tilrettelagt for handikappa. • Nordlys, Jørpeland. Toalett, leikeanlegg. • Idsal, båtutfarts- og turområde, toalett, båtfeste. Ferskvatn: • Refsvatn, like nedanfor Preikestolen fjellstue ligg ei fin sandstrand. Toalett ved fjellstua, fotballbane like ved. Ta eit forfriskande bad etter Preikestolturen. • Østerhusvatnet, Bjørheimsbygd, sandstrand, toalett, parkering. • Bjørheimsvatnet, like ved Holta, sandstrand. Elles er det fint å bada i fleire elvar og vatn, men det er ikkje tilrettelagt for dette. Ein må ikkje bada i vatn merkte for drikkevatn. FOTTURAR Turkartet til Strand og Forsand kommunar inneheld 22 turforslag til vakre utsiktspunkt deriblant Preikestolen. Det har tekst på norsk, tysk og engelsk. Kartet får du kjøpt på turistkontoret og diverse butikkar i kommunen. www.ryfylke.com 38