Ryfylkeguiden 2014 | Page 22

l Skitur i Svandalen med utsikt over Sauda - Foto: Per Inge Fjellheim Vinter i Suldal - Foto Elin T. Haugen Påske på Gullingen i Suldal - Foto: Reisemål Ryfylke VINTER I RYFYLKE – Ski Fjord Norway Dei mektige fjella og djupe fjordane gjer ei vakker ramme for vinteropplevingar i Ryfylke. I Sauda og Suldal finn du alpinanlegg. Oppkjørte løyper og lysløyper finst spredt rundt i heile regionen. Høgare til fjells, i Ryfylkeheiane og Saudafjella finn du deler av vinteren 450 km med kvista skiløyper. For nærare informasjon kontakt Stavanger turistforening eller Sauda Turistkontor. visste du at: Du kan ta båten til fjells? Ta skibåten frå Stavanger via Tau og Judaberg til Sauda kvar helg i vintersesongen. Eller du kan ta skibussen frå Haugesund. yn 22