Ryfylkeguiden 2014 | Page 20

Suldalsskinke med utsikt - Foto: Energihotellet Lokale jordbær - Foto: Spa hotell velvære Frukt- og Laksefest - Foto: Reisemål Ryfylke MATOPPLEVINGAR I RYFYLKE Kva er vel betre enn å nyte eit fantastisk måltid og samtidig vite kva du et, og kor maten kjem frå. Lokal og kortreist mat går igjen på dei fleste av serveringsstadane i Ryfylke. Er du i Ryfylke i Juni er jordbæra frå Fister eit MUST. I Suldal heng skinka til modning og på Hjelmeland sym laksen i havet timar før den blir servert. Om hausten kjem lamma heim frå Ryfylkeheiane og du kan kjøpe frukt og grønsaker langs vegane og på små torg. Til dessert kan du prøve lokalprodusert sjokolade. Me ønskjer deg velkommen til å teste smaken av Ryfylke langs Nasjonal turistveg Ryfylke. visste du at: Kvar haust blir det arrangert Norsk Frukt- og Laksefest på Hjelmeland. Her får du møte store og små lokale matprodusentar. Underhaldning og moro for heile familien på dagen og konsertar på kvelden. 20