Havfiske - Foto: Solvåg fjordferie
Aure fiske - Foro: Hessel Hakera
Fiskelukke – Foto: Hanne Sundbø
FISKE
Det finst eit rikt mangfald i fisketilbod i Ryfylke. Gode lakseelver, stille fjellvatn og
eit fjordrikt landskap lokkar. For fiske etter laks og sjøaure i elvar og innsjøar må du
betale ei statleg avgift. På http://fiskeravgift.miljodirektoratet.no/ finn du både prisar
og kan betale fiskeravgifta. I tillegg må lokale fiskekort kjøpast. Gratis sportsfiske i
sjøen. Meir info om fritidsfiske i Noreg finn du her: www.dirnat.no/fritidsfiske.
visste du at:
Laksesesongen i Suldalslågen startar 20. Juli. Då kjem det folk frå heile
verda for å fiska den flotte villaksen. Informasjon om fiskekort i Suldal får
du på Suldal turistkontor.
Fiske etter laks er tillate i følgjande vassdrag:
• Forsand: Espedalselva, Lyseelva.
• Strand:
Jørpelandselva.
• Hjelmeland: Storånå i Årdal, Hjelmelandselva, Vorma, Ulla.
• Suldal:
Hålandselva, Suldalslågen.
*Kontakt den lokale turistinformasjonen for meir informasjon.
Fjordfisket i Ryfylke er godt, særleg i midtre del rundt dei mange øyane og i nordre
Ryfylke. I dei spektakulære fjordane Jøsenfjorden og Lysefjorden kan fisketuren
kombinerast med vandreturar i dei høge fjella som omkransar fjordane.
I Hjelmeland ved Solvåg Fjordferie kan ein få guida tur med fiskebåt og erfaren
fiskar, samt fiskekart over gode fiskeplassar i Hjelmeland. Trygt farvatn gjer det
enkelt å ferdast i båt på eigenhand i Ryfylke. Vanlege fiskeslag i fjordane er torsk,
makrell, lyr, sei, breiflabb, steinbit, kveite og lange. På biblioteket i Hjelmelandsvågen
kan ein låne fiskestenger gratis i ein dag.
18