Nr. 11 / 3 - 2022 YCC-Posten | Page 74

To Gull...

to fantastiske Gull. Prinsessa; Marte-Kristin Sjånes Brunvoll, kom ein sommardag i 1992. Så lita og søt. Snudde opp ned på tilværa mi. Prinsen; Karl Hilmar Sjånes Brunvoll, kom ein sommardag i 1994 og snudde enda meir opp ned på tilværa i heimen. Er såpass ærleg at hadde han kome fyrst hadde han nok vore eineborn. Vanskeleg fødsel, nok av time-outer og sinneutbrot på den karen. Men begge har vekst seg til flotte personar i dag og tener til livets opphald sjølv. Dei kjem nok etter på to hjul. Prinsessa har lova å følgje med til Nordkapp på to hjul og prinsen har nemnt at han vil over til Amerika for å køyre der. Har gitt dei beskjed om å skunde på litt med sertifikat på to hjul eller så hamnar nok mor i sidevogn på sykkel for å følgje med.

Two Golds...

two wonderful Golds. The princess, Marte-Kristin Sjånes Brunvoll, arrived one summer day in 1992. So small and sweet. Turned my existence upside down. The prince, Karl Hilmar Sjånes Brunvoll, arrived one summer day in 1994 and turned life at home even more upside down. Is so honest that if he had come first, he would probably have been an only child. Difficult birth, enough time-outs, and tantrums at that guy. But both have grown into great people today and tend to life itself. They will probably be behind on two wheels. The princess has promised to accompany her to the North Cape on two wheels and the prince has mentioned that he wants to go to America to drive there. Have you told them to hurry up a bit with a license on two wheels or mother will probably end up in a sidecar on a bicycle to follow along.

Mitt arbeid

Eg arbeider hos Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI). Der har eg vore sidan 2006. Har stillingstittelen «saksbehandleroppgjør». Passar på å få ut faktura til kjøparar som kjøpar fisk på auksjon og oppgjer til båtane. Flyttar litt papir hit og dit. Trivst og blir nok der til pensjonsalderen kjem inn.

My work

I work at Sunnmøre and Romsdal Fishing Association (SUROFI). I have been there since 2006. I have the job title "case manager settlement". Take care to issue invoices to buyers who buy fish at auction and settle for the boats. Moving some paper here and there. Thriving and will probably stay there until retirement age comes in.

A

Interessa for to hjul har nok alltid vore der. Men det vart ikkje gjort noko med før i 2016/2017. Nyskilt og singel så kom det ein kar frå 'søre luten', (det vil seie ein som kjem frå søre Sunnmøre), på besøk på sin BMW. Det var nok då eg tenkte no eller aldri om å kome meg på to hjul.

Hausten 2016 melde eg meg på kurs og starta med køyretimar i 2017. Hadde null erfaring med to hjul så det var ei bratt kurve å ta seg gjennom. Det å knekke koden med kjeglene tok noko tid.

Starta med køyretimar februar 2017 då veret gjorde det mogleg. 29. september 2017 kunne eg notere A på sertifikatet mitt og var den siste som køyrte opp hos Ålesund trafikkstasjon den sesongen. Då var det å dra heim å løyse to-hjulingen for fyrste gong utan L på ryggen.

På Hornet / Honk on a member

Storebror hjelper til med å vaske sykkel.

Big brother is giving a hand in washing Henry