NFF NFF Årsrapport 2015 | Page 9

Vi har sett verdiarbeidet i fokus gjennom utvikling av Fair play-programmet, etablering av Handshake for Peace, etablert eigen etisk komité, handheva lisensreglementet tydeleg, ettergått eigne rutinar og fått på plass ein felles nasjonal plan mot kampfisking. Sjølv om våre nære samarbeidspartnarar har vore i eit uroleg økonomisk landskap, har dei støtta opp om våre verdiar og aktivitet. Dette er svært viktig for oss, og alle er viktige. Likevel vil eg trekke fram at det er stort at Bama etter så mange år framleis vil vere ein stor partnar for norsk fotball. No gjennom prosjektet EAT MOVE SLEEP. At vi trekker til oss nye partnarar som PostNord er også svært kjekt. Eg vil takke for det nære samarbeidet med alle våre partnarar, våre eldsjeler, tillitsvalde og frivillige, tilsette i klubb, krets og forbund, politikarar og andre samfunnsengasjerte som vi har hatt ein god dialog med. No skal vi vedta ein ny handlingsplan. La den vere like strategisk, offensiv og god som arbeidsverktøy som den vi lukkar no. Då vil norsk fotball utvikle seg og ha ei stor framtid også dei komande åra. Lukke til med forbundstinget og sesongen 2016. Yngve Hallén President i Norges Fotballforbund INNLEDNING • Saman med dei tilsette bygd ein offensiv og ny servicekultur med stort fokus på utviklingsrelaterte oppgåver og trygg og effektiv forvaltning. Sjølv med høgare profesjonalitet på forvaltninga har vi løfta fram og gjeve utviklingsarbeidet større plass i alle delar av organisasjonen. • Endra forbundstinga til å bli meir strategiske og utviklingsorienterte og mindre detaljorienterte. Vi har også etablert årlege ting. • Gjeve kretsleiarane ei tydlegare rolle ved at dei saman er eit strategisk og koordinerande fora for barne- og ungdomsfotballen. Detta har også betra den politiske informasjonsflyten i organisasjonen. • Ferdigstilt Ullevaal Stadion, med betre fasilitetar for publikum og for våre gjester på UBC. • Bygd opp høg kompetanse, gode tenester og god forretningsdrift i Idrettens Helsesenter. • Starta prosjektet Campus Norway, som skal gje mykje betre fasilitetar og tilrettelegging for våre sportslege utdanningar, spelarutviklinga og landslaga våre. • Etablert Ullevaal Media Center (UMC), som er med å utvikle vårt TV-produkt, har gjort oss meir fleksible i handteringa av våre medierettar, samstundes som det vil heve kvaliteten på vårt interne profileringsarbeid. • Fått på plass ein ny og felles identitet gjennom felles logo og nytt emblem. 9