NFF NFF Årsrapport 2015 | Page 8

EIT STERKT UTVIKLINGSFOKUS Vi har levert på ein handlingsplan og skal vedta ein ny. Utvikling har stått i fokus, og det kan vere greitt å gjere opp status. Ein god medieavtale for cup og liga, både når det gjeld utvikling og fokus, viser at norsk fotball står sterkt. To komma fire milliardar kroner over seks år er mykje. Dette saman med landslagsrettane, partnaravtalane og god drift i og rundt Ullevaal Stadion, gjer at forbundet står i ein økonomisk sterk posisjon. INNLEDNING Ei trygg økonomisk plattform er viktig for å kunne ha eit sterkt utviklingsfokus. Resultatet er at vi kan satse på å utvikle faget vårt, som er det sportslege produktet. Dette har vi fått til: 8 • Etablert NFF Kvalitetsklubb. Eit verktøy for utvikling, implementering og verdibasert fokus. • Større fokus på klubb og leiarrolla, gjennom høgare kvalitet på leiarutdanningane våre. • Betre dataverktøy og stort fokus på å gjere våre verktøy tilgjengeleg, gjennom FIKS, elektroniske overgangar, Min fotball-app, treningsøkta.no og nettsida til NFF Kvalitetsklubb. I dei siste periodane har vi som forbund sett større trykk på det idrettspolitiske arbeidet. Vi har med det arbeidet vert med å sikre: • Stort aktivitetsnivå på dei aldersbestemte landslaga. Dei siste seks åra er aktiviteten dobla. • Tøffare krav til landslaga når det gjeld resultat, utvikling og identitet. Eksemplifisert gjennom prosjektet «Jeg spiller for Norge» og den grundige evalueringen både av VM-sluttspelet og EM-kvalifiseringa for våre to flaggskip. • Det er etablert ein tydlegare spelarutviklingsmodell gjennom landslagsskulen. • Det sportslege fokuset, frå dei minste jentene og gutane til landslagsfotballen er samla under ei leiing administrativt. • Nye spelformer i barne- og ungdomsfotballen og nye tiltak som Telenor Xtra er etablert. • Det er satsa stort på trenarutdanninga både når det gjeld fokus, kvalitet og kvantitet. • Endring av tippenøkkelen frå 46,5 til 64 prosent. • Etablert og utvikla ordningane med mva. refusjon for anlegg og tenester. • Lokale styresmakter som saman med våre eigne eldsjeler i klubb har lagt grunnlaget for at vi passerte 1000 store baner med kunstgras i 2015. • Skapt eit tettare samarbeid på tvers av idrettane for å skape eit auka fokus på framtidig finansiering av idretten. • Etablert fora for god dialog og samarbeid på tvers av idrettane gjennom Særforbundenes Fellesorganisasjon og Norges Idrettsforbund. • Skapt eit engasjement for å diskutere kva fellesordningar norsk idrett skal ha med fokus på kvalitet og effektivitet. Grunnlaget for sportsleg utvikling ligg i klubbane. Gode rammevilkår og evne til å tenke utvikling, strategisk og på kvalitet i aktiviteten er avgjerande. Med fokus på dette, som er sentralt i handlingsplanen, har vi: Forbundet er eigd av klubbane, og det er difor viktig at forbundet har fokus på det klubbane bestemmer gjennom handlingsplanen og andre tingvedtak. I fokus på forbundet som forvaltar av fellesverdiane og som serviceorganisasjon har vi: