Idrettsglede 2017 mai 2017 | Page 21

21 IDRE T TSGLEDE 2017 Eit ski-liv J������ S�������� ������ �� ��������������: Eg vaks opp på Tysnesøya og laga mine eigne ski som ten- åring. Som 20-årig Volda-student såg eg slalåmski for første gong og fekk meg mine første kjøpeski: Bonna Fjellski av tre, 2,15m og med påskrudde stålkantar og Kandaharbindingar. Dett e vart det einaste skiparet eg hadde sju år framover. Eg vart tent på slalåm og deltok i fi re renn i mine fi re studieår: To enda med fall, i det tredje kom eg heiderleg ned, og det fj erde vann eg! (C-klasse) I militæret på Jæren vart det lite skigåing, men eg hadde fl aks i eit renn i Mydlandsheia og vann, – sidan alle dei andre køyrde feil og vart diska! Så kom eg ti l Rauland i Telemark som lærar og sti lte med mine utslitne, sju år gamle Bonna fj ellski og hoppbeksaumarar og vart Vest-Telemarksmeister! Men i 1967 kom eg frå Gymnasti kkskulen i Oslo ti l Geilo med nye Kneissel 210 cm slalåmski, Marker sikkerheitsbinding og skikkelege støvlar. Eg kom på kurs hos Arne Palm på Slått ajordet, vart skiin- struktør og skilærar saman med Kurten og deltok kvar år på Klubbrennet. På skiutleiga ti l Sporten handla eg meg avlagde storslalåmski i metall, og i 1999 overtok eg sjølvaste Lasse Kjus sine World Cup-ski! Dei hadde vinnartaktar innebygd, og med desse del- tok eg i klubbrennet 6 gonger og kapra meg fl eire medaljar og premiar. Dei gjævaste konkurrentane eg har kjempa mot og overvunne er Asle Sjåstad og Peder Lunde. Så kom carving-revolusjonen, og eg overtok eit ypperleg Rossignol-par på 185 cm ett er Horpa, ein idrett sgymnasstu- dent. Då fekk køyringa ein ny giv, og eg sett e meg som mål å koma ned Asleløypa på under minuttet. Det greidde eg aldri, og nå har tidene stadig krope oppover ettersom alderen stadig gjer det same. Årets jubileumsrenn med mitt første fall blir truleg det siste. Det er nå måte på å vera sært fossil som blandar seg med deltakarar som er 70 år yngre og dobbelt så gode! Årets renn (2017) mått e eg stå over. Mi nye hoft eprotese er ikkje programmert for krappe slalåmsvingar! Takk for meg, – det var kjekt så lenge det vara! «På skiutleiga ti l Sporten handla eg meg avlagde storslalåmski i metall, og i 1999 overtok eg sjølvaste Lasse Kjus sine World Cup-ski!»