Framgang Nr. 2 2016 | Page 25

Smaken av SUNNDAL

Tekst / foto : Jorid J . Aarvåg
Med perfekt klima for potetdyrking og dyktige eigarar i ryggen har Sunndalspotet vorte ei suksesshistorie . I dag er smakfull kvalitetspotet frå Sunndal å få kjøpt i heile Midt-Noreg .
Fire potetprodusentar i Sunndal starta Sunndalspotet i 1996 , og i 2006 vart selskapet utvida til å inkludere alle dei 12 potetbøndene i Sunndal , som i dag er eigarane av Sunndalspotet AS .
Dagleg leiar Ivar Bakken meiner fleire faktorar ligg bak suksessen til Sunndalspotet .
– Det er gode forhold for potetdyrking i Sunndal . Klimaet og jordsmonnet eignar seg godt til å få til god potet , og eldsjelene som starta selskapet fortener også mykje av æra . Dei er veldig flinke , har lært mykje av kvarandre og greidde å skape eit godt samarbeid seg i mellom , seier Ivar og fortset :
– Før stod kvar enkelt bonde og sorterte potet manuelt vinteren gjennom , og grossistane måtte hente varer frå mange forskjellige stader i bygda . Gjennom
Sunndalspotet har industrien vorte effektivisert på alle måtar .
Til saman har Sunndalspotet rundt 25 bønder som leverandørar . I tillegg til eigarane i Sunndal , leverer produsentar i Surnadal , Rauma , Kvikne , Sel , Valldal og Melhus potet til Sunndalspotet .
I lokala på Grøa blir poteten vaska , « polert », sortert og kvalitetskontrollert før han blir pakka og gjort klar til utsending . BAMA , BaRe og Coop er av dei største kundane , og poteten frå Sunndalspotet endar opp i butikkar i heile Midt-Noreg .
Produksjonsprosessen er sofistikert og effektiv med høgteknologisk utstyr . Ivar anslår at investeringane i anlegget i løpet av dei siste fem åra ligg på 15 millionar kroner . Sunndalspotet har ei omsetning på ca . 35 millionar i året .
Sesongen for opptaking er lang , med dei første tidlegsortane klare til opptak 1 . juli . Av 17 ulike sortar er det mellom anna seks tidlegpotetsortar og ti lagringssortar , som
blir tekne opp heilt fram til omtrent 10 . oktober , og så lagra gjennom vinteren og pakka på bestilling . Lageret varer til våren kjem .
– Vi leverer potet så lenge vi har . I år gjekk vi tom tidleg i april , i fjor hadde vi potet til ut i mai . Når lagra er tomme får produksjonsstaben vår høve til å jobbe ute i våronna . Det gir variasjon for dei tilsette , og dei får enda betre forståing for korleis ein får til god kvalitet på poteten , seier bedriftsleiaren .
I løpet av året går rundt 6000 tonn potet gjennom produksjonen hos Sunndalspotet , og det krev god planlegging i alle ledd frå opptak til utkøyring . Veret er eit viktig element i produksjonen , og her har bedrifta fått betre hjelpemiddel :
– Veit vi at det skal regne mykje i morgon , kan vi ta opp meir potet i dag . Dei siste åra har vermeldingane vorte meir pålitelege , og det er svært positivt for oss , seier Ivar .
UTPÅGANG / 2 / 2016 25