Framgang Nr. 2 2016 | Page 19

kjem reisande med bil og tek nokre dagars ferie i fjellheimen. Området har mange moglegheiter til dagsturar i fjellet og utflukter langs elva for fiske og bading. Sportsbutikken på garden sørgjer også for mykje besøk. Butikkdrifta starta som smått på 90-talet, og i 2010 flytta butikken inn i eit låvebygg som vart flytta til Kårvatn frå Oppdal. Dei to bedriftene Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani driv med sal både frå butikken og engrosverksemd med distribusjon til inn- og utland. Dei har fått eit godt renomme for sterk kompetanse, og mange kjem frå både Molde og Trondheim for å handle. – Vi skal vere gode på det vi held på med, og det meiner eg vi har fått til, seier Gudmund. Han fortel at mange turistar blir overraska over å sjå sportsbutikken på garden, som har vorte ein attraksjon i seg sjølv. – Ein velassortert butikk langt frå allfarveg er uvanleg. Men eg er patriot, så eg meiner jo sjølvsagt at vi er midt i smørauget, ler gardbrukar, gründer og kulturberar Gudmund. UTPÅGANG / 2 / 2016 19