HEIMKJÆR
norsk rock
Tekst/foto: Jorid J. Aarvåg
Med norske tekster og hjartet i Ålvundfjorden leverer Heimkar ekte lokal rock.
André Hellum, Per Ivar Hyldbakk, Ivar Bullvåg Hanssen, Vegar Gridseth og
Ole Bruseth forma bandet for tre år sidan, etter at nokre av dei allereie hadde
spela saman i Fjorden Rock ‘n Roll Trio. Da trioen hadde utvida seg til fem
måtte bandet få eit namn.
– Heimkar betyr dum på islandsk, fortel Per Ivar og legg til at akkurat det er ein
liten hyllest til gruppas største musikalske inspirasjon Dum Dum Boys.
– Også er vi jo ganske heimkjære alle saman, og ordet høyrest eigentleg veldig
positivt ut, seier Vegar.
Per Ivar har sett i stand eit gammalt fjøs på heimgarden på Neslandet, og
lokala blir bruka til selskap og festar. Der har Per Ivar arrangert Fjøsjam for 150
gjestar i fleire år, og dette var ein av dei første plassane Heimkar spela saman.
Bandkompisane antydar at både festen og bandet vart laga slik at Per Ivar
fekk oppfylt draumen om å stå på scena, utan at den historia er heilt bekrefta.
I dag har bandet øvingsrom i den gamle stallen under festlokalet, og leikar seg
med tanken om å spele inn noko i løpet av hausten. Dei starta samarbeidet
med å covre Dum Dum Boys-songar før dei begynte å skrive eigne songar, og
no «begynner det å likne noko», fortel gjengen.
Per Ivar og André er dei som skriv dei fleste songane, men frå ide til ferdig
produkt er det ein lang og kreativ prosess som involverer heile bandet. No har
dei ein eigen katalog på 13-14 songar og det er derfor lenger mellom covera på
konsertane.
Bandet er del av eit sterkt musikkmiljø i Ålvundfjorden, der det mellom anna
har vorte eit flott øvingslokale for dei som ønskjer å bruke det i Fossheim.
– Det er mange talentfulle musikarar her, og det er artig for alle, meiner Per
Ivar.
Heimkar tek gjerne på seg spelejobbar, og har ønske om å utvide nedslagsfeltet sitt over fjorden til mellom anna Surnadal og Rindal. Dei oppfordrar til å
ta kontakt dersom nokon ønskjer å booke bandet.
– Vi tykkjer det er veldig artig å spele live, og musikken vår passar godt til ein
fest. Det blir fort livåt med god norsk rock, slår dei fast.
30