Smaken av SUNNDAL
Tekst / foto: Jorid J. Aarvåg
Med perfekt klima for potetdyrking og dyktige eigarar i ryggen har Sunndalspotet vorte ei suksesshistorie. I dag er smakfull kvalitetspotet frå Sunndal å få kjøpt i heile Midt-Noreg.
Fire potetprodusentar i Sunndal starta Sunndalspotet i 1996, og i 2006 vart selskapet utvida til å inkludere alle dei 12 potetbøndene i Sunndal, som i dag er eigarane av Sunndalspotet AS.
Dagleg leiar Ivar Bakken meiner fleire faktorar ligg bak suksessen til Sunndalspotet.
– Det er gode forhold for potetdyrking i Sunndal. Klimaet og jordsmonnet eignar seg godt til å få til god potet, og eldsjelene som starta selskapet fortener også mykje av æra. Dei er veldig flinke, har lært mykje av kvarandre og greidde å skape eit godt samarbeid seg i mellom, seier Ivar og fortset:
– Før stod kvar enkelt bonde og sorterte potet manuelt vinteren gjennom, og grossistane måtte hente varer frå mange forskjellige stader i bygda. Gjennom
Sunndalspotet har industrien vorte effektivisert på alle måtar.
Til saman har Sunndalspotet rundt 25 bønder som leverandørar. I tillegg til eigarane i Sunndal, leverer produsentar i Surnadal, Rauma, Kvikne, Sel, Valldal og Melhus potet til Sunndalspotet.
I lokala på Grøa blir poteten vaska, « polert », sortert og kvalitetskontrollert før han blir pakka og gjort klar til utsending. BAMA, BaRe og Coop er av dei største kundane, og poteten frå Sunndalspotet endar opp i butikkar i heile Midt-Noreg.
Produksjonsprosessen er sofistikert og effektiv med høgteknologisk utstyr. Ivar anslår at investeringane i anlegget i løpet av dei siste fem åra ligg på 15 millionar kroner. Sunndalspotet har ei omsetning på ca. 35 millionar i året.
Sesongen for opptaking er lang, med dei første tidlegsortane klare til opptak 1. juli. Av 17 ulike sortar er det mellom anna seks tidlegpotetsortar og ti lagringssortar, som
blir tekne opp heilt fram til omtrent 10. oktober, og så lagra gjennom vinteren og pakka på bestilling. Lageret varer til våren kjem.
– Vi leverer potet så lenge vi har. I år gjekk vi tom tidleg i april, i fjor hadde vi potet til ut i mai. Når lagra er tomme får produksjonsstaben vår høve til å jobbe ute i våronna. Det gir variasjon for dei tilsette, og dei får enda betre forståing for korleis ein får til god kvalitet på poteten, seier bedriftsleiaren.
I løpet av året går rundt 6000 tonn potet gjennom produksjonen hos Sunndalspotet, og det krev god planlegging i alle ledd frå opptak til utkøyring. Veret er eit viktig element i produksjonen, og her har bedrifta fått betre hjelpemiddel:
– Veit vi at det skal regne mykje i morgon, kan vi ta opp meir potet i dag. Dei siste åra har vermeldingane vorte meir pålitelege, og det er svært positivt for oss, seier Ivar.
UTPÅGANG / 2 / 2016 25