Framgang Nr. 2 2015 | Page 3

Utpågang/utpågonge (det «å gå utpå») er eit gammalt lokalt uttrykk. Det skildrar aktiviteten der gutar besøkte jenter dei var kjærast med eller ønskte seg eit kjærastforhold med. Besøket kunne vere uforpliktande, og var i alle tilfelle mest mogleg hemmeleg. Hans Hyldbakk har nemnt denne aktiviteten i fleire tekstar, som i diktet «Svarrabærje» der han brukar ordet «utpåskog»: Han Ola for å smatt på lofta med na Ane kvar endast helganatt, de va æn syndi vane. Så ropa vi å skræk mot bærja da: E’n Ola hæm e kvell, hæll e’n e utpåskoja? E utpåskoja! Hyldbakk skreiv også at klokkar Ole J. Øye i Surnadal starta eit av landets første jentekor i 1850-åra nettopp «for å demme opp for nattefrieriet i bygda.» I andre skriftlege kjelder frå tidlegare hundreår er utpågang kjent som den umoralske aktiviteten «natteløberi.» Magasinet Utpågang ber tittelen som eit lettbeint uttrykk for friarferd. Vi frir til tilflyttarar og heimflyttarar med å vise at regionen er mangfaldig, spennande og attraktiv å bu i. Over 115 års erfaring med tre er noe du merker...... Tre er levende materialer som vi gjennom 4 generasjoner har behandlet med klokskap, kjærlighet og kompetanse. Vi har utfordret det, utviklet det, vi har gitt det vår signatur, vi har hatt det som bærebjelke i vår produksjon, og vi har hele tiden tilpasset det til den tidsalderen det har levd i. Det gjør vi fortsatt. Hver dag. Langt fra kvistfritt, men framdeles full av sevje! Talgø – gode tradisjoner vokser på trær UTPÅGANG / 2 / 2015 3