Framgang Nr 1 2017 | Page 27

Kultur gjer livskraft –Ny no rsk fo visar a rsking t kulturt gode ilbod h ar innverk nad på bolyste n. Kulturskolen har ein viktig funksjon i lokalt samfunnsliv. Men kor viktig? Og korleis går det? Vi har snakka med rektorene i Sunndal kulturskole og Kulturskolen på Indre Nordmøre om tingas tilstand. FRÅ KULTURSKOLEN TIL DEN STORE VERDA – Dans er det mest populære tilbodet her i år, og akkurat no er det full rulle med danse- festival, forteller Ingemar Andersson, rektor ved kulturskolen i Sunndal. Kulturskolen kan skilte med 100 konsertar og 70 presseklipp i 2016, og rektoren er opptatt av å leggje til rette for at skolen og elevane får nye arenaer og publikum. Kulturskolen er ein arena for lokale kunstnare å vise seg frem og bidra. Mange har starta i kulturskolen og er i dag anerkjente utøvarar. Til døme har vi jazzmusikar Oddbjørn Sponås, popmusikar Hans Olav Sættem og opera- sangerinne Sigrid Bøe. –Det er eit privilegium å ha slike førebilete, mener rektor ved kulturskolen på Indre Nord- møre, Torbjørn Larsen. Heimflyttarar er ofte interessert i tilboda våre. Ofte er det lange bil- køar i større byar, men her er det stort sett god plass. Da kan ein bruke den tida ein elles ville brukt i bilkø til å levere borna på spennande aktivitetar. Det er god livskvalitet for mange. Viss du vil, er det enkelt å markere seg her, få erfaring og realisere draumar. Til døme skal det vere enklare å få stå på scena med eit orkester i ryggen når du bur på Indre Nordmøre. Hans tips er ganske enkelt: Hiv deg utpå, bli kjent med det lokale miljøet og ha det morosamt! MOGLEGHEITER –Eg vil at kulturskolen på Sunndal skal vere Sunndals eget veksthormon, forklarar Andersson. No held han på med ein strategi- plan for korleis dei skal få til fleire attraktive stillingar, kven dei kan samarbeide med, korleis dei i enno større grad kan dyrke fellesskapet og bidra til nettverk mellom generasjonar og alt i alt betre livskvalitet. –I fjor starta vi med fast underhalding på Helsetunet, og i år har vi starta med Stikk Ut Kultur, og faste bandkveldar i ungdoms- klubben, ramsar Andersson opp. Rektorens langsiktige mål er at alle skal bli deltakarar, og at kulturskolen skal utvikle seg som ressurs, slik at lokalsamfunnet får fleire og betre kulturopplevingar. HVA HADDE SUNNDAL OG SURNADAL VORE UTAN FESTIVALANE? Vi må ikkje gløyme at breidde også gjer toppar. Og at vi har eit kompetent arrangør- miljø både i Sunndal og Surnadal. –Sunndal har Ladyen, Surnadal har Vårsøg- helga og Stangvikfestivalen. Sistnemnde er i verdsklasse, ypperste nivå innan kammer- musikk med store, internasjonale namn, fortel Larsen. I Stangvika er hyttenæringa ein stor del av verdiskapinga. Med Stangvikfestivalen har ein løfta heile bygdesamfunnet og knytta dei lokale og turistane saman. Det er eit godt døme på korleis kulturen kan gje livskraft, mei- ner Larsen. Festivalane har gått bra i mange år, på grunn av dugnadsånd og offentleg støtte. Det er viktig at alle har ansvar for å framhal- de den støtta, for ein festival går ikkje av seg sjølv. EIN TRYGG OPPVEKST Med undervisning i dans, teater, sang, kunst og instrumentopplæring, styrkes framtidas arbeidsstokk lokalt. Dei får kompetanse som kreativitet og samarbeidsevne, som kjem til å bli viktig i arbeidslivet framover. –Ny norsk forsking visar at gode kulturtilbod har innverknad på bolysten. Det er kan hende ikkje slik at folk flyttar til ein plass på grunn av kulturskoletilbodet. Men eit fleirtal av dei som flyttar har høg utdanning, og vi veit at dei har større sjanse for å bli buande viss kulturtilbo- det er bra, kan Andersson fortelje. –Med mindre bornekull enn tidlegare år, er rekrutteringa til kulturskolen på Indre Nord- møre, det vil seie Surnadal, Halsa og Rindal, litt redusert. Men framleis er over 500 elevar aktive. Særleg høg vekst ser vi innafor dans, sier Larsen. Vi ser jo at storstua fyllast opp når lokale kulturfolk går på scena. Samstundes er det ein fin sosial arena. Og for nokon – spring- brettet til vegen vidare. –Foreldre, her er eit råd. Ikkje vær bekymra viss avkommet velger MDD – musikk, dans og dramalinja på videregåande. Det blir folk av dei også, kanhende til og med kulturlærarar, popstjerner eller viktige brikke som adminis- trasjon i den kulturelle skolesekken, til dømes, som gir livskvalitet også til borneborna dine. 27