Framgang Nr 1 2017 | 页面 2

at rur d- t i V jor alsf t no d o T e jekt n s o r p na er in idde ! ev rekk man for ein døgnopen region i v e k SuSu er eit positivt prosjekt for lokalsamfunnet på begge sider av fjorden. No ser vi ei klar auke i arbeidsplassar, og vi er optimistiske med tanke på sysselsetting, nettverk og innovasjon. Gjennom SuSu-prosjektet har lokale bedrif- ter med vekststrategi og ønskje om å skape fleire arbeidsplassar hatt høve til å søkje om friske pengar til å utvikle løysningar. Dei viktigaste måla i prosjektet har vore å auke folketalet, skape fleire arbeidsplassar og å få til eit betre samarbeid i næringslivet. Det heiter seg at når eit lokalsamfunn bikkar over 10 000 arbeidsplasser får det ein gravitasjon, ei eiga vekstkraft i seg sjølv, kor ting begynner å skje. Når vi ser på Sunndal og Surnadal som ein felles bo- og arbeids- marknadsregion, nærmar vi oss det nivået. Vi har brei og høg kompetanse, mykje innovasjon og satsing. Med mange bein å stå på, og ei rivande utvikling mellom anna innan primærnæringane og teknologi, har vi tru på vidare vekst i regionen. For at dette verkeleg skal bli ein felles bo- og arbeidsmarknadsregion må Todals- fjordprosjektet på plass. Med Todalsfjord- prosjektet og Riksveg 70 knyter vi saman kommunane – ikkje berre mot Tingvoll, men størstedelen av Nordmøre og resten av fylket. Dette er viktig ikkje minst for tilflytt- ande par, som begge skal ha jobbar. SuSu har gjeve arbeidet mot ein døgnopen region ei heilt anna fart, og vi trur at Todals- fjordprosjektet no er innan rekkevidde. Ikkje berre har kommunane og næringslivet samarbeidd godt. Fylkeskommunen fortener ros for nærværet dei har hatt i prosjektet: I tillegg til å bidra økonomisk, deltar dei i møte og får direkte erfaring med dei posi- tive verknadane. Arbeidet som gjerast med å vri faga på vidaregåande skule mot det næringslivet treng er også viktig, og her har det vore jobba godt. Det går bra i Sunndal og i Surnadal no. Men det må jobbast vidare heile tida. Her har vi arbeidsplassar og bustader, og eit lokalsam- funn som ynskjer seg befolkningsauke. Det har vore fire gode år, og vi trur og håper på fire nye slik at vi kan halde fram suksessen. Ordførere i Sunndal og Surnadal, Ståle Refstie og Lilly Gunn Nyheim 2