Framgang Nr 1 2017 | Page 19

Inn på tunet – SKULEGARDEN I NATUREN Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra tenestetilbod på gardsbruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der, og er forankra i læreplanar og Kunnskapsløftet. POPULÆRT TILBOD For å kalle seg «Inn på tunet-bonde» må ein vere godkjent av Mat- tilsynet. Oppistua Øye i Surnadal har vore Inn på tunet-gard sidan ordninga begynte, men leiar Solveig Haglund starta samarbeidet med Øye skule allereie hausten 2005. –Det er mykje entusiasme mellom elevane. Dei brukar garden som eit klasserom, og besøker oss fleire gonger. Gjennom å observere endringane i naturen, bidra i skulehagen og bli kjent med dyra på garden får dei utvikla gode relasjonar og opplevd meistring, fortel Haglund. ALLSIDIG GARDSBRUK Det er utvalde trinn som brukar garden på våren, utover hausten og litt før jul. Aktivitetane på garden inkluderer stell og andre oppgåver knytta til dyra på garden, dyrking av økologiske grønsaker, urter og blomstrar og matlaging med utgangspunkt i det som veks på garden. Elevane får også vere med på naturfaglege observasjonar ved elva Surna, kajakk- padling i ei lita sideelv og dei får prøve seg på digital naturfotografe- ring. –Det er utruleg mange praktiske oppgåver elevane gjer når dei kjem Inn på tunet. Mykje av det vi som vaksne tar for gitt at ungane våre kjenner til, er ukjend. Både ord og uttrykk, men også praktiske ferdigheter er nyttig å øve på. Elevane får ulike praktiske problem som dei må finne ut korleis dei vil løyse. GRÜNDERSPIRAR Dei eldste elevane etablerer elevbedrift, med utgangspunkt i det dei har dyrka i skulehagen. No i haust sel dei unna produkt i «middagspakkar» til heim-levering, i tillegg til torgsal av kjende og meir ukjende grønsaker. –Det er jo ikkje meininga at alle elevane skal bli gründerar, men erfarin- ga med elevbedrifta modnar tanken på kva det vil seie å starte og drifte ei bedrift, avsluttar Haglund. 19